aug 092016
 

Tjelden 3

Snøggbåten har vore innstilt frå dei små øyane heile tysdags-morgonen. Ferja går derimot som planlagt, tross sterk vind.

– Det har ikkje blitt kanselleringa grunna det dårlige vêret no, seier administrerande direktør i FosenNamsos Sjø AS, Grete Fuglem Tennås. Ho tilrår samstundes å installere FNS-appen for trafikkmeldingar som sendast ut ved driftsendringar. På heimesida til selskapet ligg det òg oppdaterte trafikkmeldingar.

Lokalbåten i Austevoll har derimot vore innstilt, kunne M/S «Tjelden» opplysa om. Dagens fyrste avgang blir forhåpentligvis frå Bekkjarvik i ettermiddag.

 

Buskar og kratt

Lensmannskontoret opplyser om at dei fekk registrert eit delvis redningsoppdrag tysdags-morgonen om ein båt som hadde slite seg. Det var ikkje folk i båten, men med såpass sterk vind er det naudsynt å sjå over at båtane er godt fortøydde.

– Me vil oppfordra folk å sjekka over fortøyingar og sikra det som sikrast kan for å unngå unødvendig fartøy på sjøen. Folk må ta litt førehandsreglar til det meste har roa seg. Me har òg fått nokre meldingar om at det flagrar litt buskar og kratt inn på vegar, men det er ikkje registrert noko meir enn det, opplyser eine politimannen ved lensmannskontoret til lokalavisa.

 

Ingen store hindringar

Dagleg leiar i Austevoll kraftlag, Geir Bergflødt, opplyste tysdags morgon at dei foreløpig ikkje hadde hatt nokre store hindringar grunna vêret.

– Så lang, bank i bordet, har me ikkje motteke tilbakemeldingar eller registrert nokre utfordringar sjølv. Det største problemet i så kraftig vind er at det er blader i løvskogen. Det betyr at det er mykje meir vindfang i trea enn kva det ville vore seinare på hausten. I så stort vindfang vil trea lettare bryta av, men enn så lenge har ingen tre falt på linene, fortel han og legg til at dei alltid driv førebyggande aktivitetar, jamt og god linerydding. Likevel falt eit tre over ei line same morgonen og skapte litt problem på vatn-fronten.

– Me tek ned tre som er faretruande i forhold til linene våre heile vegen, men det me har hatt som einaste problem til no, er treet som falt på ei line som mater ein pumpestasjon. Det er ein fase som falt ut og har ført til at nokre vatnkundar på Kalve ikkje har det trykket som dei elles skulle hatt. Det er me sjølvsagt på gang med å fiksa ein gang. Mannskapet er ute for å setja ting tilbake som det skal vere, fortal han vidare og informerte om at vindstyrken ikkje er dramatisk sterk denne dagen, på 22 sekundmeter på Slotterøy fyr.

– Dette skal me helde kontroll på, enn så lenge.

 

Ikkje registrert vegarbeid

I kommunen har det heller ikkje vorte nødvendig å gjera noko særleg i samband med vegarbeid grunna vêret. Olav Henry Jarnes fortel at det ikkje har komen inn nokre meldingar så langt.

– Brannvesenet var ute i samband med Politiet for å sjekka ein båt som hadde slite seg frå fortøyinga på Indreholmen. Det var ingen personar om bord eller i fare, fortel han og legg til at det ikkje er meldt noko meir enn det foreløpig.

 

Av Ida Camilla Jarnes