aug 182016
 
Ørjan Johannessen ventar spent når den store flabben er på veg opp i garnhalaren.

Ørjan Johannessen er spent når den store flabben er på veg opp i garnhalaren.

Det sitrar i blodårene til Håvard Kleppe (32). Endeleg ein stor fisk i garnet. Med skjelven stemme vert breiflabben drege ut frå maskene. Glisa hos kokkane Arnt og Ørjan er ikkje merkbart mindre.

 

Ei garnlenke er nærare ei nautisk mil. Det tek mykje lenger enn Sebastian Coe hadde brukt på å langa ut distansen på lette bein. Morgondisen har letta, og heng berre att som eit slør av eit bakteppe langt inne i Langenuen.

– Marsteinen avis, no må du komma å sjå. Me har ein sværing, seier fiskar Håvard Kleppe. Han lenar seg over skutesida på sjarken sin, medan kokkesjefane på gjestgiveriet har kvassa argusaugo sine. Ganske rett, eit drog av ein fisk dumpar opp frå garnhalaren. Evolusjonen har ikkje delt ut mange poeng for skjønnheit. Kroppsfasongen liknar på ei overkøyrt padde, kjeften kunne utan vidare slukt ein fotball og finnane ser ut som noko eg kunne ha laga i sløyden i fjerdeklassen. Og ja, det var ingen som laga så skeive og gjennomført usymmetriske ting i tre enn meg. Lukkelegvis for fisken som i beste fall vraltar seg avgarde når han sym, skal ein ikkje dømma smaken på utsjånaden. Når halen er skoren og nærare 70 prosent av kroppsvekta er dumpa over bord, er det rein luksus og ei råvare utanom det vanlege som ligg igjen til kokkane.

Resten av reportasjen kan du lesa på PDF eller papir i dag.