aug 182016
 
Kirkevoll skole, Fana kyrkje og den nye rundkøyringa. Illustrasjon : Statens vegvesen.

Kirkevoll skole, Fana kyrkje og den nye rundkøyringa. Illustrasjon : Statens vegvesen.

Krysset ved Fana kyrkje skal lagast om til rundkøyring og elevane til Kirkevoll skole eit steinkast unna får sin eigen undergang. Arbeidet skal ferdigstillast innan skulestart neste år, opplyser vegvesenet.

Byggeleiar Einar Borgen i Statens vegvesen forklarar at dei allereie er i gang med arbeida, i form av treryddig og graving av diverse grøfter. I hovudsak vert trafikken ut på Krokeidevegen prioritert i anleggsperioden, men midt på dagen og om kveldane kan ein måtta rekna med noko manuell dirigering. Det vert òg bygd ein omkøyringsveg som skal nyttast når undergangen til skuleelevane vert bygd.

Flaskehalsen i ved Fana kyrkje vert dermed ein saga blått i løpet av eit lite år.

– Dessutan ser eg at osingane vert nøydde til å stogga for dykk når de kjem frå ferja, små-leir byggeleiar Borgen på telefonen.