aug 182016
 
Småfisk er absolutt Malene Waage Skår sin glass of wine. No flyttar ho til Ålesund for å arbeida som fiskehelsekonsulent.

Småfisk er absolutt Malene Waage Skår sin glass of wine. No flyttar ho til Ålesund for å arbeida som fiskehelsekonsulent.

Frisk som ein fisk, seier me. Men for at fisken skal helda seg frisk, treng òg han tilsyn. Her kjem Malene Waage Skår inn i biletet.

I vår leverte Malene Waage Skår (24) masteroppgåva si om rognkjeks, den vesle, populære fisken som dei seinare åra er vorte mykje nytta til å eta lusa av annan oppdrettsfisk. No har ho tittelen fiskehelsebiolog, eller fiskedoktor, som ein òg kallar profesjonen.
– Kva som fascinerer meg mest med rognkjeksa? Å, det er så veldig mykje, seier Malene medan ho tenkjande fiklar med ein liten rognkjeks-bamse ho har hekla.
– Det er mellom anna fasongen hennar, at ho klarar å komma seg rundt med den søte, små finnane sine. Så synest eg det er stilig at ho kan suga seg fast i ting.

Les meir om Malene og vegen hennar vidare i Marsteinen.