aug 192016
 
Aktørar og potensielle kundar har denne veka stoppa opp og får gode samtalar på Austevoll-standen på fiskerimessa. – Austevoll er ein attraktiv plass både å jobba og etablera seg som verksemd, seier Hege Øye Lauvik frå Austevoll næringsråd. Foto: Mons-Ove Hauge.

Aktørar og potensielle kundar har denne veka stoppa opp og hatt gode samtalar på Austevoll-standen på fiskerimessa.
– Austevoll er ein attraktiv plass både å jobba og etablera seg som verksemd, seier Hege Øye Lauvik frå Austevoll næringsråd.
Foto: Mons-Ove Hauge.

Det er med ny inspirasjon, særleg innan Blått kompetansesenter, at Hege Øye Lauvik (ANR) kjem heim att frå fiskerimessa i Trondheim.

Denne veka har Nor-Fishing si årlege fiskerimesse i Trondheim gått av stabelen, og Hege Øye Lauvik frå Austevoll næringsråd (ANR) kan fortelja om travle og gjevande dagar. Etter sjølve messa, som varar frå 10 til 17 kvar dag, går det i nettverksbygging gjennom møter med leverandørar og middagar på kveldstid.
– I år har me fått snakka mykje om Blått kompetansesenter og fiskerihamna vår, som mange andre kommunar og næringsråd er interesserte i å høyra om, seier Øye Lauvik over telefon frå bartebyen. Både Austevoll kommune og det lokale Opplæringskontoret har vore på stand saman med ANR, som òg har hatt representantar blant nokre av medlemsverksemdene sine med seg.

Sandberg kasta i glipen
Hege Øye Lauvik meiner at Austevoll og dei blå næringane har særs godt utbytte av å vera tydelege på fiskerimessa.
– Det er ein fin arena for for austevollingar innan fiskerinæringa til møtast, og å knyta kjennskap utanfor kommunegrensene. Messa er større enn nokon gong, både i talet på utstillarar og besøkjande. Dette er nok dels grunna at nokon som tidlegare leverte til olje- og offshorenøringa no går over til å levera for fiskeri. Denne næringa er framleis i vekst.
På standen hadde austevollingane ulike konkurransar for dei besøkjande. Mellom anna glipekasting, der ein fekk tre sjansar til å treffa med tennisballar i ein glipe.
– Fiskeriminister Per Sandberg trefte på to av tre forsøk. Det må seiast å vera bra med tanke på det presset han hadde rundt seg, seier Hege og ler.
Under fiskerimessa har fleire austevollingar heldt føredrag, mellom anna snakka Siv Østervold frå Hordafôr om korleis ein kan nytta heile fisken.

Journalist: May Linn Clement.