mar 172011
 

Ordførar Helge André Njåstad (Frp) vil saman med rådmann, helse- og sosialsjef og varaordførar gje sjukepleiarane i kommunen eit lønsløft for å sikra rekruttering og større stillingsprosentar.

Austevoll kommune skrur opp lønna til sjukepleiarar. Kommunens forhandlingsutval lanserte i går kveld ei rekkje grep for å auka løna til ei arbeidsgruppe det er enorm trong for i Austevoll.

– Me vil gjerne tiltrekkja oss nye sjukepleiarar, samstundes som me vil visa dei me har i systemet at me set pris på dei, seier ordførar Helge André Njåstad om tiltaket. Grepet dei gjer, utanom lønsforhandlingane, er heimla i budsjettvedtaket frå desember i fjor. Der heitte det blant anna at det måtte rettast spesielt fokus på tiltak som kan bidra til å rekruttera og halda på sjukepleiarar.

Utfordrande

Per i dag har Austevoll kommune 33 tilsette sjukepleiarar, men berre seks av dei går i full stilling.

– I turnusplanane har me tidvis berre 50 prosents dekking med sjukepleiarar. Difor gjer me desse tiltaka, delvis for å tiltrekkja oss ny arbeidskraft og delvis for å stimulera dei som allereie er i organisasjonen til å arbeida meir, seier rådmann Rolf Nøstdal til Marsteinen. Han reknar med at lønsauken skal vera mogleg innanfor dei tildelte rammene i sektoren. Njåstad supplerer.

– Valet me har er enten å skaffa kvalifisert arbeidskraft sjølve, eller nytta bemanningsbyrå. Det siste ville ha vorte veldig mykje dyrare enn det me gjer no, konstaterer ordføraren.

Attraktivitet

Helse- og sosialsjef Helge Skugstad trur at fleire tiltak er naudsynte for å sikra sjukepleiardekking, men meiner at samlinga av pleie- og omsorgsenteret er særs positivt.

– Når den nye fløya er klar, framstår senteret som ein moderne og attraktiv arbeidsplass. Likevel vil me vurdera fleire tiltak etterkvart for å tiltrekkja oss meir arbeidskraft, seier Skugstad. Han understrekar at fagarbeidarar òg utgjer ei viktig arbeidsgruppe for kommunen, men ved denne krossvegen er det mangel på sjukepleiarar som gjer det naudsynt med stimuleringstiltak for denne gruppa.

I konkrete tal får alle tilsette automatisk åtte år ansiennitet, noko som gjer at dei har kort veg til toppløn på lønsstigen ved ti år ansiennitet. I tillegg får alle nytilsette sjukepleiarar i kommunen med ti års røynsle 6 000 kroner ekstra i personleg tillegg, og dei som har 20 års ansiennitet får ei auke på 12 000 kroner. Dette er det same som tilsette sjukepleiarar fekk under lønsforhandlingane i 2010.

Foto (frå venstre): Rådmann Rolf Nøstdal, varaordførar Edvard Johannes Stangeland (Sp), ordførar Helge André Njåstad og helse- og sosialsjef Helge Skugstadlovar lønsløft for sjukepleiarane i Austevoll kommune.

Av Trond Hagenes