sep 012016
 
Kristine Fagerbakke, Henriette Drønen, Inger Anne Mortvedt, Hanne Lise Drønen Haugland og Klara Drønen Hellesøy har alle RP. Sundag har dei fått sysken, barn, ein far, ein ektemann og svoger til å vera rettleiarar for lokalpolitikarane som skal springa RP-mila på Eidsbøen – med blindfold.

– Ingenting hadde vore som å få synet tilbake, seier Kristine Fagerbakke. Sundag arrangerer ho og resten av Sebra-gjengen eit løp til inntekt for forsking på augesjukdomen RP, som har råka over snittet mange austevollingar.

Å samla inn pengar til forsking på sjukdomen Retinitis Pigmentosa (RP) er målet til Austevoll Sebra, når dei på sundag arrangerer RP-mila. I fjor vart løpet heldt for fyrste gong i Oslo, og i år heng austevollingane seg på. Medan statsminister Erna Solberg skal delta i løpet ved Sognsvann på sundag, har Sebra-gjengen utfordra dei lokale politikarane:
– Ein politikar frå kvart av dei sju lokalpartia skal springa med blindfold framføre augo, og med kvar sin rettleiar, fortel Kristine. Rettleiarane er alle i nær familie med arrangørane.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.