sep 042016
 
Blinde Lars Knut Aarland (Sp) og Sofie Bøe Tømmerbakke kom fyrst i mål, med ordførar Morten Storebø (H) og Aina Mortvedt hakk i hel.

Blinde Lars Knut Aarland (Sp) og Sofie Bøe Tømmerbakke kom fyrst i mål, med ordførar Morten Storebø (H) og Aina Mortvedt hakk i hel.

– Det kjentes heilt forferdeleg. Eg følte ikkje eg hadde kontroll, sa Renate Møgster Klepsvik (Frp) etter prøverunden – med blindfold framføre augo – på Eidsbøen i kveld.

Medan hovudarrangementet gjekk føre seg ved Sognsvann i Oslo, var det eit lokalt løp til inntekt for forsking på augesjukdommen Retinitis Pigmentosa (RP) ved det nyopprusta idrettsanlegget på Eidsbøen. Langt over snittet austevollingar er råka av sjukdommen, som gjer at du sakte med sikkert misser synet.
– Eg har så mange i familien min som har og har hatt RP, at dette løpet vil eg vera med på, sa Karine Hevrøy, og fortalde om to onklar, to tanter og to syskenbarn med diagnosen.
Før allemann alle vart kalla inn på banen for å springa, gå, trilla eller jamvel krabba rundt banen, var det ein partiduell mellom seks av lokalpartia våre. Ein representant frå kvart parti vart utstyrt med blindfold og ein sjåande rettleiar. Det kan vel samanliknast med det lengste strået å få utdelt personleg trenar Sofie Bøe Tømmerbakke som makker, saman med henne kom i alle fall Senterpartiets Lars Knut Aarland fyrst over målstreken etter to rundar utan å sjå.

Les meir om den fyrste RP-mila på Eidsbøen i neste utgåve av Marsteinen.