sep 082016
 
Det er konkursopning i Austevoll Marine Group. Her frå verftet i Sagvåg. Arkivfoto.

Det er konkursopning i Austevoll Marine Group. Her frå verftet i Sagvåg. Arkivfoto.

 

Denne veka har Austevoll Marine Group meldt oppbod. Styremedlemmar i selskapet stadfestar forholdet.

 

– Eg kan stadfesta at selskapet er sendt til skifteretten. Me synest at det er ein særs trist situasjon, men me arbeider med å finna ei løysing for alle partar, seier styremedlem Dag Horgen til lokalavisa.

Verken avgått styreformann Hans Runshaug eller salssjef Jan Henning Legreid ynskjer å uttala seg til pressa etter at selskapet gjekk over ende. Frå ei anna sentral kjelde i selskapet vert det peika på at det har vore stor aktivitet, og at det ikkje er mangel på oppdrag som ligg til grunn for at selskapet ser seg nøydd til å setja sluttstrek.

Austevoll Marine Group er deleigd av Marine Support AS, Dalseide Elektro AS, Austevoll Rørteknikk AS og DG Marine AS, kvar med 25 prosent av aksjane. Selskapet vart stifta så seint som i august 2014, då dei fire nemnde selskapa fusjonerte aktivitetane sine i det nye selskapet.

 

Av Trond Hagenes