sep 082016
 
Skal det vera eit dødskult Janus-andlete? Foto: Astrid Møgster/Privat.

Skal det vera eit dødskult Janus-andlete? Foto: Astrid Møgster/Privat.

 

Makeup-artist Astrid Møgster (26) har fått 25 000 fylgjarar på Instagram ved å visa fram sminke-talentet sitt, som ho trente opp sjølv.

 

Ho jobbar på økonomiavdelinga i Lerøy og bur i Bergen, men når ho ikkje er på jobb, grip ho tak i sminkekosten og eksperimenterer i veg.

Det har gått med mange timar på prøving og feiling innan sminke for Astrid, men dyktig har ho utan tvil blitt. Etter eit halvt år med kurs annan kvar helg på Frisør og hudpleie instituttet, starta ho sjølv å prøva seg fram med spesialeffektar for tre år sidan.

– På kursa lærte me grunnleggjande sminke, brudesminke og den slags. Mia Kalve og Beate B. Taranger frå House of Bahus var nokre av dei som underviste. Eg kunne ingenting om sminke eigentleg, så eg ville berre prøva noko nytt og sjå kva det gjekk i. Me lærte ikkje ansiktsmåling eller spesialeffektar der, så det har eg lært meg sjølv i ettertid, kan Astrid opplysa.

Les resten av saka på PDF.