sep 092016
 
"Tjelden" er nok ein gang teken ut av trafikk, til stor frustrasjon for trafikkantane på øyane.

«Tjelden» er nok ein gang teken ut av trafikk, til stor frustrasjon for trafikkantane på øyane.

Klokka 15:28 rapporterte Norled AS som at snøggbåten til dei ytre øyane nok ein gong var innstilt. På Storebø kai venta ei dryg handfull passasjerar på båten som ikkje kom. Ein av dei var Mona Mørk.

– Det er ingen informasjon om kva som er gale, og det er fjerde gangen på dryge to veker at båten står. For oss som bur på Møkster har dette svære konsekvensar. Skuleelevar til ungdomsskulen og vidaregåande kjem seg ikkje fram dit dei skal, og folk som arbeider borte frå øya kjem seg ikkje på jobb.

Bjørn Egil Søndenå i Norled forklarar at snøggbåten har fått ein framandlekam i drivstofftanken, og at dette truleg òg har vore den eigentlege årsaka til at båten har hatt tre driftsavbrot før dagens hending. Får det kjem til erstatningsbåt, slit Norled med å få tak i det.

– Me har lukkast å få inn ein reservebåt i ruta, «Rygerkatt», til gå i kveld, men då med 15 minuttar seinking, seier Søndenå til Marsteinen. I mellomtida har passasjerane som stod stranda på kaien ved Hippen vorte henta av Karsten Inge Møgster og oppdrettsbåten hans.

 

Av Trond Hagenes