sep 132016
 
Brannvesenet har kontroll på brannen som stod i fare for å trekkja for nær ammoniaktankane ved hjørnesteinsverksemda på Storebø.

Brannvesenet har kontroll på brannen som stod i fare for å trekkja for nær ammoniaktankane ved hjørnesteinsverksemda på Storebø.

Det lokale brannvesenet skal etter det Marsteinen får opplyst av vakthavande ved Austevoll lensmannskontor ha kontroll over brannen som vart meldt ved fiskemottaket på Storebø klokka 20:34.

– Så langt melder brannvesenet om at dei har fått kontroll, seier Vidar Mjåtvedt ved Austevoll lensmannskontor til Marsteinen. Brannmannskapa har likevel observert nokre nedraste røyr som skal ha tilknyting til ammoniaktankane ved verksemda, utan at det er sett teikn til lekkasje.

Ivar Helge Melingen, som leiar Austevoll laksepakkeri, seier til lokalavisa at det var menneske på jobb då brannen starta, og at det dermed vart varsla raskt om brannen.

John Levi Weløy, brannsjefen i Austevoll kommune, informerer klokka 22:15 det lokale kriseteamet om hendinga. Han fortel lokalavisa at det har vore sterk varmeutvikling på brannstaden, og at betong har byrja rasa ned.

– Innsatsleiaren fortel at det er kontroll inne på brannstaden med lite røykutvikling. Han legg likevel til at det framleis er lurt å skru av ventilasjon og halda vindauge lukka. Dessutan han ein dersom ein har vore utsett for røyk, vurdera å la til ein legesjekk.

Av Trond Hagenes