sep 152016
 

 

Engelsen bygg har vunne anbodskonkurransen på bygging av symjeanlegget på Storebø.

Engelsen bygg har vunne anbodskonkurransen på bygging av symjeanlegget på Storebø. Prospekt: Engelsen bygg AS.

Sunnhordlandselskapet Engelsen bygg AS har vunne anbodet for å byggja nytt symjeanlegg på Storebø. Kommuneleiinga er kome fram til at anbodet ikkje berre er billegast, men at det òg har dei beste kvalitetane elles.

 

– Dei har svart godt på kravspesifikasjonane i anbodet, i tillegg til at det vert god utsikt mot sjøen frå bassengdelen, myldreområde, kafé og god plass til publikum i andreetasjen, seier rådmann Helge Skugstad til Marsteinen. Kommunalsjef Ruth Larsen skyter inn at uteområda òg er forseggjorte med grøne lommer og kvalitetar som kan vera med å laga ein promenade.

– I tillegg kan delar av fasade, materialval tilpassast vidare, og er noko me vil gå i dialog med Engelsen om, seier Skugstad og Larsen til Marsteinen.

Også ordførar Morten Storebø (H) er nøgd med anbodet, som har ein totalkostnad på 67 millionar kroner.

– Anbodet skal formelt sett godkjennast av kommuenstyret, presiserer Storebø. Anlegget vil vonleg står klart tidleg på nyåret 2018 dersom det vert politisk klarsignal for bygget.

Slik vert det sjåande ut på innsida av bygget, som kan vera innflyttingsklart om eit godt, drygt år.

Slik vert det sjåande ut på innsida av bygget, som kan vera innflyttingsklart om eit godt, drygt år.