sep 162016
 
Morten Storebø (H) overtek ordførarkjeda og klubba frå Renate Møgster Klepsvik (Frp). Arkivfoto.

Morten Storebø (H) overtek ordførarkjeda og klubba frå Renate Møgster Klepsvik (Frp). Arkivfoto.

Denne veka er det eitt år sidan valsigeren til Høgre, som førte til at Morten Storebø fekk grepet om ordførarklubba. Ei bratt læringskurve, og noko å vera stolt over, meiner han sjølv.

 

Trass i rik politisk røynsle frå politisk arbeid i Bergen og i regjeringskorridorane, er det noko heilt nytt å setja seg ned i ordførarstolen, meiner Morten.

– Det er i grunnen ingenting som kan førebua deg til jobben som ordførar, sjølv ikkje for meg som hadde ein far som hadde same jobben, seier dagens ordførar, intervjua på dagen eitt år sidan valsigeren var eit faktum og maktovertakinga ein realitet etter allianse med Arbeidarpartiet.

– Dessutan er det slik at dei aller fleste saker er store og viktige for dei det gjeld, nikkar ordføraren.

 

Politiske saker

Den politiske saka Morten er gladast for å ha vore med og sikra fleirtal for er mottaket av flykningar allereie i år.

– Denne veka har me teke i mot den tredje familien, og me har fått betre tid enn kanskje mange trudde før me tok i mot familiane. Denne gongen er det eit ektepar med ein baby som flyttar til oss, seier Morten og slår fast at arbeidet vert gjort enklare ved at flyktingane i større eller mindre grad har herredømme over det engelske språket.

– Og korleis har det det elles gått det fyrste året?

– Det er ei bratt læringskurve, og det å læra seg organisasjonen å kjenna. Uansett trur eg ikkje at føregjengarane mine er vorte vurderte ut i frå det fyrste året sitt med ordførarkjeda, avsluttar Morten.