sep 192016
 

Etter suksess på Trolandshamar skule blei det måndagsmorgonen arrangert trivselfriminutt for fyrste gong på Storebø skule.

 

Både lærarar og ein heil haug med sprudlande elevar dansa på skuleplassen etter framvising frå ei gruppe i sjuandeklasse. Etterpå blei forskjellege ball-leikar stelt i stand, og storfri blei ei real hyggetid for både store og små.

Trivselfriminutt er eit opplegg der klassane samlast, leikar, dansar og er i aktivitet og har det kjekt saman.

– Dette er kjempegøy! smilte Serine Thorsheim Turøy (10) og Cathrine Østervold (10). Femteklassingane var ikkje i tvil om at dette er noko dei vil helda fram med.

– Dansen var det kjekkaste, sa Cathrine, før dei sprang av garde for å leika vidare.

Nansy Pedersen (42) og Jofrid Kalve Sæle (34) stilte som instruktørar.

– Dette vil me halda fram med, i alle fall heile året, smilte lærarane.

– Alle skal få vera med!

Av Ida Camilla Jarnes