sep 222016
 
Anja Heggholmen (A) og Morten Storebø (H) fekk særs klare meldingar om flaskehalsar for rørslehemma av Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, representert ved Linda Rabben og Hilde Elisabeth Klepsvik.

Anja Heggholmen (A) og Morten Storebø (H) fekk særs klare meldingar om flaskehalsar for rørslehemma av Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, representert ved Linda Rabben og Hilde Elisabeth Klepsvik.

Den politiske leiinga i kommunen fekk klare meldingar og nye røynsler etter ei runde med rullestol over Storebø. Sentralt i bodskapen frå Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er kravet om døropnarar på ungdomsskulen.

 

Høge kantar på fortaua, dårlege høve til å komma seg opp på dei, få fotgjengarovergangar og manglande døropnarar. Dei fekk mykje å bita seg fast i ordførar Morten Storebø (H) og varaordførar Anja Heggholmen (A) då Hilde Elisabeth Klepsvik og Linda Rabben frå Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tok dei med ein rulletur ved kommunesenteret denne veka.

Ungdomsskulen

Trass i fokuset på vanskar med framkome på vegane i møtet med politikarane, har tilhøva ved Austevoll ungdomsskule vore kampsaka for rådet, og ei kjelde til frustrasjon.

– Me vart lova døropnarar for eit år sidan, og når me har etterlyst dei har det til og med feilaktig vore hevda at dei er installerte, seier Hilde Elisbeth Klepsvik, som følar at dei har tala for døve øyre i kommuneadministrasjonen.

Linda Rabben fortel at sonen hennar Norris fekk ein langt meir krevjande kvardag etter at han flytta frå Selbjørn skule, som var moderne og tilpassa universell utforming, til ungdomsskulen der mellom anna døropnar mangla.

Les heile saka på papir eller PDF i dag.