sep 222016
 
Bussane i Austevoll er utstyrte med setebelte, og du pliktar å nytta dei. 1 500 kroner kan det kosta deg å sitja i tankeløysa dersom det vert kontroll.

Bussane i Austevoll er utstyrte med setebelte, og du pliktar å nytta dei. 1 500 kroner kan det kosta deg å sitja i tankeløysa dersom det vert kontroll.

Gløymer du å ta på deg beltet når du sit på bussen, kan det fort vanka førelegg på 1 500 kroner. Og verre enn det: Det kan vera farleg for både medpassasjerer og deg sjølv.

 

Tide buss sine sjåførar informerer tidt og ofte dei reisande om at belte er påbode ved busstransport i Noreg. Utan at effekten er varig.

– Me gjev beskjed over høgtalarane med jamne mellomrom, og særleg ofte i bybussen. Likevel ser me at einskilde grupper har mindre fokus enn andre, seier dagleg leiar Harald Otterå ved Tide buss Austevoll til Marsteinen.

Sjåfør Heidi Sekkingstad fortel at ho har køyrt særs sakte ovet Selbjørnsbrua med ein fullsett buss med ungdommar og stilt dei det retoriske spørsmålet om kva som hadde skjedd dersom dei hadde hoppa frå den 27 meter høge brua.

– Effekten av ein krasj i 70 kilometer i timen ville vera nokolunde likt. Naturlegvis trudde ingen at dei ville ha overlevd treffet med vassflata, heller. Ungdommane fekk raskt bilbelta på seg.

 

Sterkare fokus

Hos Statens vegvesen opplyser Anne Margrethe Bøe at kampanjen dei no er i gang med skal auka fokuset på belte i buss.

– Stort sett trur me at det er tankeløyse at folk er mindre flinke til å bruka belte i buss enn i bil, der talet er heilt oppe i 95 prosent, seier ho til lokalavisa. Tala si tale er at åtte personar omkom i bussulukker i tidsrommet 2014 og 2015, fleire av dei omkomne kunne redda livet om dei hadde teke beltet på.

Heidi Sekkingstad forklarar at det fort kan skje ei nedbremsing eller ein kollisjon på dei smale austevollvegane, og at det så seint som for to veker sidan var ein lastebil som velta på eit strekke det bussane køyrer forbi fleire gongar for dagen.

– Dersom bussen veltar og du ikkje har på deg beltet, har du eit fall på over tre meter om du sit på motsett side, forklarar ho.

Harald Otterå synest at dei yngre elevane han køyrer til skulen om morgonen har gode vaner under transport, men at det vert meir krevjande når det er eldre elevar som kjem om bord.

– Det er diverre lite me kan gjera utanom å minna passasjerane på om at det påbode med setebelte, avsluttar Otterå.

 

Av Trond Hagenes