sep 222016
 
Ørjan Johannessen med blodfersk kokebok.

Ørjan Johannessen med blodfersk kokebok.

Når kokebøker med kvardagsmat strøymer over i hyllene hos bokhandlarane, smeller meisterkokken Ørjan Johannessen til med ei bok med helgemat.

 

Eit drygt halvanna år etter Bocuse d’Or-gullet smeller Ørjan Johannessen til med den andre kokeboka si, med tittelen Endelig helg. Boka kjem ut på Cappelen Damm, og er foruten Ørjan sine oppskrifter pryda med fotografi av Tom Haga frå Stavanger.

– Maten min er i grunnen ikkje så kvardag. Ikkje akkurat fisk og ris, så då trenden gjekk mot kvardagsmaten i fjor, bestemte eg meg for å laga ei bok som handlar om helgematen – når folk har tid til å laga han, smiler Ørjan avslappa i ein pause frå morgonskiftet på gjestgiveriet.

– Eg likar jo å laga tre rettar når eg fyrst er i gang …

Detaljane

Dei ferdige bøkene kom inn på gjestgivarstaden onsdag, og tek føre seg ulike innfallsvinklar på helgekokkeleringa, om det er selskapshelga, familiehelga, helg med venner eller for å imponera gjestane. Dessutan vert stasen avrunda med eit lite kapittel med dessertar, kledeleg nok.

– Eg har hatt med meg fotografen når eg har laga rettane, og dessutan har stor fokus på detaljane i tillaginga. Då er eg sikker på at eg får det rett, seier kokken som etterkvart har fått eit meir avslappa forhold til å skriva oppskrifter. Det er ikkje meir enn fire-fem år sidan han uttalte til lokalavisa at oppskriftsskriving er noko av det verste han gjer.

Austevollkokken har fått med ei rekkje foto frå nærområdet, men sjølve oppskriftene er illustrert ovanfrå med alle detaljhar i fokus, eit bort frå trendane dei seinare åra, der brennvidda på kameralinsa har diktert at halve matretten har vore ute av fokus.

– No ser du akkurat kva du skal jobba mot når då skal laga ein rett, kommenterer meisteren, som straks skal ut og koka representasjonsmiddag for 400 gjestar i Quatar.

Den førre kokeboka til Ørjan, som kom ut på Bris forlag, selde 10 000 eksemplarar. Mykje av salet har skjedd frå Bekkjarvik gjestgiveri. Denne gongen har Ørjan eit av dei største forlaga i landet i ryggen, og nærast før ho er i sal er 3 000 eksemplar rivne bort.

 

Av Trond Hagenes