okt 062016
 
Lars Sponheim vil ikkje tvinga fram samanslåing av Austevoll, men meiner at det er naturleg for Austevoll å sjå nordover til Bergen i framtida. Arkivfoto.

Lars Sponheim vil ikkje tvinga fram samanslåing av Austevoll, men meiner at det er naturleg for Austevoll å sjå nordover til Bergen i framtida. Arkivfoto.

Rettnok har fylkesmann Lars Sponheim føreslått at Austevoll kan verta slått saman med Bergen i framtida. Likevel er lokalpolitikar og leiar for Stortingets kommunal- og forvaltningskomité, Helge André Njåstad (Frp) nøgd med framlegget til Sponheim, som ikkje legg opp til noko tvang.

– Eg er nøgd med at fylkesmannen er på line med oss; at Austevoll så lenge me ikkje er landfaste skal vera eigen kommune – slik austevollingane og kommunestyret er samde om, seier Njåstad til lokalavisa.

Han visar vidare til at fylkesmannen meiner at Austevoll på sikt har meir å henta på å samarbeida nordover enn sørover. 80 prosent av all kommunikasjonen går mot Bergen og berre 20 prosent mot Sandvikvåg, så der treff fylkesmannen med at Bergen er viktigare for Austevoll enn Sunnhordland, meiner kommunalpolitikaren.

– Det betyr ikkje at eg har sagt at me ikkje skal samarbeida sørover òg gjennom Samarbeidsrådet for Sunnhordland, skyt han inn.

Når fylkesmennene no er ferdige med tilrådingane sine skal Stortinget gjera sitt vedtak.

– Eg gler meg til den prosessen, og vil føra samtalane med dei andre partia på vegne av Framstegspartiet. Me er allerede godt i gang med gode samtaler om kommunereformen, forsikrar Njåstad.

 

Av Trond Hagenes