okt 202016
 
Fjord 1 overtek etter alt å dømma ferjedrifta frå Fosen Namsos frå 1. januar 2018.

Fjord 1 overtek etter alt å dømma ferjedrifta frå Fosen Namsos frå 1. januar 2018.

Det er Fjord 1 som frå 1. januar 2018 etter alt å dømma skal drifta ferjene til og frå Austevoll, opplyser Hordaland fylkeskommune på nettsida si.

– Det av avgrensa kva informasjon me kan gå ut med før me formelt sett har skrive under kontrakten, men me er strålande nøgde med at det ser ut som me ligg best an i rangeringslista til fylkeskommunen, seier Tord Vidar Kittang i Fjord 1.

Det pågår for augneblinken forhandlingar om ein annan rutepakke mellom reiarlaga og Skyss, noko som etter det Marsteinen erfarer fører med seg at selskapa enno held korta nær brystet.

Fylkesdirektør Håkon Rasmussen seier til Marsteinen at Fjord1 sine forpliktingar ligg i høve til utsleppsreduksjonar og ruteproduksjon.