okt 272016
 
Fullt firsprang i ballbingen ved Kolbeinsvik montessoriskule.

Fullt firsprang i ballbingen ved Kolbeinsvik montessoriskule.

Bort med pultar, inn med teppe. Bort med tavler og inn med handfaste materialar. Bort med klasserom og inn med fellesareal. Skuledagen i Kolbeinsvik er ikkje det han ein gong var.

 

Morgonlyset er i ferd med å melda seg på bak fjella på Tysnes og Stord ein stad, men frå vindauga på montessoriskulen i Kolbeinsvik skin lyset allereie. I inngangspartiet vakar eit par unge karar og eit par lærarar som nyss har opna skulen.

– Hei! Du må vera Trond – frå Marsteinen – ikkje sant? seier Lars Julian Stangeland Nyheim (9) og introduserer seg sjølv med utrekt hand. Like etter kjem Henrik Årland Tellevik (8) og handhelsar med eit stort smil.

Dei to karane har vore tidleg ute, og er det fyrste som har vendt korta som indikerer kven som er på skulen og ikkje. 24 kort for elevar og fem for lærarar, rektor og ein kombinert assistent-vaskar.

– Ja, der er eit slags stemplingsur, smiler rektor Dorthea Margrethe Møgster, medan Tilde Nøttvedt Storebø vert levert av mora. Elevane er tydeleg informert om lokalavisa sitt besøk, og rykta om lokalavisdøden ser ikkje ut til å ha nådd dei ytre øyane i Hordaland.

– Me les avisa høgt for barna heime me, slår mor Cathrine Nøttveit fast. Tilde hugsar godt at papen hennar, Tonny, var avbilda i avisa i samband med at servicebåten faren er skipper på ”Ringasund” vart vist fram for bygdefolket nede i Beinskrokjen i sommar.

Noah, Adrian og Leander med det ettertrakta geometriske kabinettet.

Noah, Adrian og Leander med det ettertrakta geometriske kabinettet.

 

Villsautema

Det er få som rekk å verta oppkava, og barna kjem roleg inn, finn seg eit gjeremål. Ein av dei som gler seg mest til dagen, ser ut til å vera Leander Sætre Møgster (8). Han har skrive ferdig villsauhistoria si, og held på med å illustrera henne. For Austevoll sitt signaturdyr, silda får ha oss orsaka, har vore tema dei siste vekene. Høveleg nok er vindaugskarmane dekorerte med villsaumåleri, i eit monter står dekorasjonar og i hyllene til elevane ligg det sjølvtova sitjeunderlag.

– Dessutan har dei eldste fått vera med og slakta ein sau hos Ragnar Haraldseid i Drøna, seier Dorthea medan ho stille les arbeidet til Leander, som har teke seg flid til å tasta inn heile historia på datamaskin heime, nesten utan ein hjelpande finger.

Sjølve skuledagen startar fyrst klokka 08:30. Rektor sit seg under den eine av to tavler på skulen, som elles ikkje vert mykje nytta. Barna og dei andre vaksne samlar seg sitjande på golvet i ein halvsirkel, og talet som er dagens dato vert diskutert.

– To gangar 10 er 20. 22 minus to er 20, føresler elevane.

Dei reflekterer over vêret ute,  What is the weather like today? Ei og anna sky vert lyst opp av morgonsola. Kanskje vert det overskya i lunsjpausen? Dessutan er det kaldt? Ja, men det er ikkje blåkaldt. Dorthea fortel at bilen hennar indikerte utetemperatur på fem grader på vegen til skulen.

Resten av reportasjen kan du lesa på PDF eller i papiravisa.