okt 272016
 
Innsendaren av lesarbrevet meiner at bompengar ikkje er vegen å gå for å få betre vegar i Austevoll.

Innsendaren av lesarbrevet meiner at bompengar ikkje er vegen å gå for å få betre vegar i Austevoll.

Fjord 1 har vunne anbod på ferjestrekningane vore. I budsjettet for 2017 legg fylkesrådmannen opp til å auka ferjetakstane med 7,8 prosent. Det er langt meir enn prisveksten for resten av kollektivtransporten. Samstundes ser me at politikarane i Austevoll vil forlenga bompengeordninga me har i dag. Skuffande og lesa at politikarane er so lite framsynte, dei må tenkja og handla annleis. Fortsett det med auking av transportprisar til og frå Austevoll, blir me ein kommune ingen vil bu i. Politikarane må vakna, dei må jobba saman i denne saka, løfta den opp til nasjonalt nivå. Austevoll har svært stor verdiskaping pr. innbyggjar og må få att midlar for dette.

Pris, reise for ein familie på fem, Hufthamar – Krokeide er i dag kr. 238.- pr. veg,  kr. 476.- tur retur. Dette er allereie for dyrt, desse prisane gjeld for dei som har ferje-kort. Eg veit om fleire som ikkje har råd til og kjøpa det. Legg ein til kostnad på kr. 4,20 pr. kilometer for eigen bil, med køyring til sentrum, bompengar og parkering vil ein bytur for ein familie på fem, bli svært nær kr. 1000.- med dagens prisar. Skal familien på kino eller ein Brann kamp blir kostnaden fort mellom 1500.- til 2000.-

Prisane skal altså aukast med 7,8 %  i 2017, kor mykje det blir i auke frå 1. januar 2018, då dei nye ferjene kjem, veit me enno ingenting om.

Prisar utan ferjekort. For ferja mellom Hufthamar og Krokeide betyr takst-endringa at prisen aukar frå 218 til 235 kroner for ein vanleg personbil. For strekninga Halhjem til Våge i Tysnes stig prisen frå 143 til 154 kroner. Kjelde er NRK Hordaland sine nettsider. Her står det også at driftskostnaden for ferjeturen går ned men prisen for dei reisande går opp.

  • Korleis vil det gå med næringslivet, kor går grensa på kva kostnad dei kan akseptera? Det er eit spørsmål om tid før bedrifter legg ned eller flyttar på grunn av transport kostnader.
  • For kvart einskild fotball lag som reiser til fastlandet til kamp, rekk eit ferje kort til to turar, tur/retur. Dette gjeld barn, kortet kostar kr. 3300,- . 10 borte kampar kjem på kr. 15 000.- dette er berre til ferjeutgifter for kvart enkelt lag.
  • Da må ikkje bli slik, at enkelte faktisk ikkje har råd til å reisa med ferja.
  • Da er ikkje tvil om at Austevoll er blitt den dyraste kommunen, i alle fall i Hordaland, når det gjeld transport for innbyggjarar og næringsliv.

I Sverige er ferjene gratis. Sidan ferjestrekningar er definert som riksveg, burde ein inntil ferjene blir gratis, også i rike Norge, kalla ferjebilletten for bompengar og ikkje billett. Hufthamar – Krokeide og Husavik – Sandvikvåg, er vegen vår. Ser ein slik på det vil familien på 5, frå 2017, betala i overkant av kr. 500.- i bompengar for ein ferjetur tur/retur Hufthamar – Krokeide.

Det burde også vore ei maksgrense på kor mykje utgifter, ein einskild person, ei bedrift eller eit idrettslag skal ha i bompengeutgifter. Over eit bestemt beløp, bør det bli skattefritak eller frikort.

Me må ikkje gjera det endå dyrare og reisa til og frå Austevoll, det må kjempast for og gjera ferjereisa gratis. Me kan i alle fall, ikkje finna oss i, og betala meir enn det me gjer i dag.

Alle parti i Austevoll må ha gratis ferjer som mål, dei må kjempa for mindre bompengar, og det meste av det me betaler for ferjeturen, bør gå til betre vegar i Austevoll. På kort sikt og før 2017, må det jobbast for å frysa prisane, og aller helst gjera dei billegare enn dei er i dag. Ferja er og blir vegen vår, sannsynleg vis også dei neste 50 åra. Så kan dei drøyma om andre løysningar, dei som vil det.

I Austevoll har me pr. i dag 10 km med akseptabel vegstandard, resten er vegstandard som er på 1970 nivå.

Tore Hufthammer.