okt 282016
 
Alf Helge Møgster, Mette Storebø, Odd Ivar Nilsen og Annette Tøkje er særs entusiastiske for at det kan verta nye basseng på Storebø om ikkje så lange.

Alf Helge Møgster, Mette Storebø, Odd Ivar Nilsen og Annette Tøkje er særs entusiastiske for at det kan verta nye basseng på Storebø om ikkje så lange.

40-årgamle basseng som vert haldne i gang av oppfinnsame vaktmeistrar har vore kvardagen for eldsjelene i AIK si symjegruppe. No gler dei seg til nytt basseng, og har starta kronerulling.

 

239 barn og unge nyttar seg av symjegruppa sine treningar og kurs for vasstilvenning. Snart 40 vaksne trenarar er med på og halda hjula i gang. Trongen for betre fasilitetar er likevel skrikande.

– Med eit opplæringsbasseng som held 32 grader og eit basseng på 25 meter med litt lågare temperatur kan me skapa mykje betre rammer, og trenarar og symjarar kan dra vekslar på kvarandre, seier Odd Ivar Nilsen og Alf Helge Møgster i symjegruppa til Austevoll idrettsklubb.

Annette Tøkje peikar òg på at dersom ein ynskjer å ha fokus på konkurransar, er det uråd å trena godt med eit så lite basseng som dei har på Eidsbøen. Mellom anna er det mange disiplinar det er naturleg å gli under vassflata i om lag 15 meter, men med berre 12,5 meter tilgjengeleg vert det umogleg.

– Me stangar hovudet i betongen, og me kan heller ikkje øva på vendingar i ryggsymjing, der ein nyttar signalflagg, seier Tøkje til Marsteinen.

Draumen om eit nytt symjeanlegg er likevel i ferd med å verta røynd. Ekstra finansiering frå politisk hald vart handsama i formannskapet torsdag, ei ekstraløyving på fem millionar kroner til ein totalsum av 25 millionar. Det private næringslivet sin del av finansieringa av anlegget er på plass, melder ordførar Morten Storebø (H).

– Avtala er landa, og gåvebrev er på veg, viss dei ikkje allereie er komne inn. Dette er ein føresetnad for at me skal setja i gang bygginga, seier Morten.

 

Fokus på symjing

Det nye anlegget kjem til å få to basseng, eit mindre opplærings- og rehabiliteringsbasseng og eit eit stort basseng som jamvel kan nyttast til konkurransar, noko som andre klubbar i Hordaland allereie har etterspurd, skal me tru eldsjel Annette Horne, som reiser kringom med symjegruppa sine juniorar så snart høvet byr seg.

I anlegget er det ikkje gjort plass til fasilitetar som vassklie eller stupetårn. Alf Helge Møgster forklarar årsaka.

– Anlegget slik det ligg føre er allereie eit kjempeløft økonomisk sett. Skulle me byrja å ta med sterkt fordyrande tiltak, ville det ikkje vore løyseleg, seier Møgster.

Leiaren i symjegruppa, Mette Storebø, forklarar at dersom ein hadde teke høgde for eit stupetårn, måtte ikkje berre grunnen til symjehallen sprengast mykje lenger ned, men grunna eit djupare basseng ville driftskostnadane òg måtta aukast.

– Meir vatn krev meir oppvarming, som igjen fører med seg langt større kostnadar når anlegget kjem i drift.

 

Stor nytte

Mette Storebø, som på sett og vis er symjegruppa sitt hjarte, fortel at det er langt fleire enn dei som vil ha nytte av anlegget, som vil stå ferdig om eit drygt år om arbeidet vert sett i gang.

– I dag er det vanskeleg for den jamne austevolling å ta seg ein symjetur i eit basseng. Det krev i alle høve at ein tingar timar i eit privat basseng. Med symjeanlegget på Storebø kan kvar og ein betala inngang og ta seg ein symjetur, seier ho, og legg til at folk som slit med leddsmerter og muskelsjukdomar vil få seg eit tilbod.

– Dessutan vil dei som er rørslehemma få seg eit nytt tilbod, då garderobar og basseng vil vera å finna på eitt plan, supplerer Møgster.

I innspurten i desse dagar er symjegruppa offensive for å sikra medfinansiering frå fleire aktørar i det lokale næringslivet enn berre Laco ved Helge Møgster.

– Me har allereie fått inn mange gåvebrev, og me merkar at verksemdene i likskap med mange andre austevollingar kjenner eit eigarskap til symjeanlegget allereie. Me har trass alt barn og ungdommar frå Stolmen i sørvest til Bakkasund til nordvest, frå alle krinklar og krokar i heile kommunen, smiler Mette.

– Det er viktig at alle bidreg med dei ressursane dei har slik at me i fellesskap kan få til dette, avsluttar Mette, som nyttar all ledig tid til å symjegruppa og bassengrealiseringa.