nov 032016
 
Matilde Semb Landa (12) tek lokkene for å gje dei til kreftsjuke pasientar. Malin Eide gjer håret klart til handsaming. Etter klyppinga sender Matilde håret til ein spesialistbutikk som tek hand om det.

Matilde Semb Landa (12) tek lokkene for å gje dei til kreftsjuke pasientar. Malin Eide gjer håret klart til handsaming. Etter klyppinga sender Matilde håret til ein spesialistbutikk som tek hand om det.

Matilde Semb Landa er berre tolv, men fast bestemt på at ho vil gje håret sitt til kreftsjuke som har mista sitt eige. I går fall lokkane på Art hårstudio på Storebøportalen.

 

– Eg har eigentleg tenkt lenge på at eg ville gje bort håret mitt, slik at dei som til dømes må ha behandling for kreft kan få det, seier den engasjerte tolvåringen frå frisørstolen. Ho fortel at bestemor Kari mista håret sitt då ho måtte gjennom handsaming for brystkreft, men at det lukkelegvis gjekk bra til slutt.

– For meg vekst håret raskt ut att. Eg kjem jo til å få kort hår etterpå, men ikkje like kort som deg, skjemtar ho til Marsteinen-utsendinga, og haustar lått kringom i salongen. Mor Inger Semb Johansen fortel at dottera er bestemt på å gjennomføra tiltaket.

– Ho har sagt at ho tenkjer spesielt på barn som mistar håret grunna sjukdom. Eg synest det står respekt av at ho gjer dette, spesielt sidan ho er midt i pyntealderen, smilar Inger og ser mot dottera.

 Av Trond Hagenes