mar 242011
 

Eit djupdykk i Norsk Tippings tippehistorie avslører alle storvinnarar med adresse i Austevoll kommune. Her er den komplette oversikta over dei største utbetalingane, og når dei skjedde.

Opp gjennom historia er det tolv personar med adresse i Austevoll kommune som har fått drøymetelefonen frå Norsk Tipping: ”Du er blitt tippemillionær!”.

Milliongevinstar i Austevoll

Den aller største gevinsten blant spelarane frå Austevoll fann stad sommar 2009, då ei kvinne klinte til med ti millionar kroner etter fulltreff i Lotto. Nest størst var vinsten til ei Austevoll-kvinne som vann 9,4 millionar kroner, også det i Lotto. Det var i 2005. Den aller siste storpremien frå Norsk Tipping blei overførd til Austevoll rett før nyttår, då ein mann vann 2,7 millionar Joker-kroner.

Den aller fyrste

Ein seinsommarettermiddag i 1978 klarde ein mann frå Oslo å prikke inn tolv vanskelege tippeteikn på kupongen, og kunne koste på seg tittelen som fyrste tippemillionær i Noreg – med ein premie på 1 157 000 kroner. Justert etter inflasjon tilsvarer dette dryge fire millionar kroner i dag.

Deretter kom det tolv nye millionærar frå fotballtippinga, før Norsk Tipping i 1986 introduserte sin fyrste Lotto-millionær, ei dame frå Harstad. Sida 1978 har det vore 6 095 personar i Noreg som har vunne ein million kroner eller meir på spel frå Norsk Tipping.

Nesten 50 mill.

Den største utbetalinga i Noreg stammar frå sommaren i fjor, då ein mann frå Skedsmo i Akershus vann svimlande 46,5 millionar kroner i Vikinglotto. Det er åtte personar som har vunne over 25 millionar kroner hos Norsk-Tipping dei siste fire åra.

Den aller største utbetalinga i Hordaland fann stad i Lindås kommune, der ein mann vann heile 36,5 millionar kroner i Vikinglotto i fjor.

Vinnarlukke per innbyggjar

Det er vel naturleg å tenkja at det er milliondraumen som får nordmenn til å spela som dei gjer. Spørsmålet er altså om sjansen er særleg stor. Det kan folk få vurdere sjølv. I alle fall har det blitt 1,26 storvinnarar (over ein million kroner) per tusen innbyggjar i Noreg i løpet av historia.

I samarbeid med Norsk-Tipping har vi kunna laga ei rangering som viser den eigentlege vinnarlukka per kommune – og i Austevoll kan ein glede seg over å vera inne på vinnarsporet . Opp gjennom tidene har det nemleg blitt 2,63 storvinnarar per tusen innbyggjar i Austevoll.

I realiteten kan vi seia at det går 381 innbyggjarar for kvar tippemillionær i Austevoll, mens det i Noreg er ein tippemillionær for kvar 792. innbyggjar.

-Slumpar

Kommunikasjonssjef i Norsk Tipping, Magne Vikøren, kan dessverre ikkje love at spelelukka varer i evig tid i Austevoll.

– Det er alltid moro med stader med mange vinnarar, og alle som opplever desse ynskjer jo å vera det nye Verdal. Ein slik vinnarkultur er jo ikkje lett å halda på, i og med at den berre er styrt av slumpar, poengterer han.

– Men ein ting har vi lært oss i Norsk Tipping, vi sluttar aldri å la oss forbløffe av slumpane sitt merkverdige utfall. Kanskje er det akkurat det som held liv i vinnarkulturen? Å vera blant Lotto-millionærar og andre vinnarar vil nok ikkje dempa lysten på dei mange som synest det er spanande å delta i draumen om storvinsten, legg Vikøren til.

Småkommunar fyrst

Ein kan seia kva ein vil om slumpar – statistikken viser uansett at det er småkommunar som har dei høgaste vinnarfrekvensane. Dei 64 fyrste kommunane på lukke-tabellen har alle færre enn 10 000 innbyggjarar. Heilt øvst finn me vesle Røyrvik kommune i Nord-Trøndelag. Der er det under 500 innbyggjarar, men likevel fire som har stukke av med millionvinst eller meir. Det gjev heile 8,1 per tusen i den kommunen.

Det er 24 kommunar i Noreg kor det enno ikkje har vore storvinnarar hos Norsk Tipping.

Yngve Johnsen

Vinnarlukka per innbyggjar

Per uke 12, 2011

Vinnere                  Per tusen innb.

Austevoll                  12                                    2,63

Hordaland             603                                    1,28

Norge                  6.094                                    1,26