nov 032016
 
Det er mange varer som skal på plass før opninga neste veke på Extra ved Storebøportalen. Butikksjef Marianne Horseng og tilsett Marlene Toft i full sving.

Det er mange varer som skal på plass før opninga neste veke på Extra ved Storebøportalen. Butikksjef Marianne Horseng og tilsett Marlene Toft i full sving.

Om ei veke opnar 1200 kvadratmeter ny daglegvarebutikk ved Storebøportalen. Butikksjef Marianne Horseng på Coop Extra storgler seg til å visa austevollingane godsakene.

 

5 500 ulike varesortar, bemanna fiskedisk, ferskvareavdeling og eigen bakerikrok, det er ikkje ei kort liste med nyvinningar butikksjef Marianne Horseng og driftssjef for Coop-kjeda i  Hordaland, Einar Eriksen, presenterer i god tid før opninga.

– Fyrst og fremst vil folk merka at det er langt betre plass her enn det me har hatt tilgjengeleg tidlegare. Me får plass til langt fleire varer, og butikken vil med det framstå som ein ekte Extra-butikk, seier kjøpsmannsduoen.

Marianne får med seg 15 andre sjeler i butikken, som skal halda open frå klokka 07 om morgonen til 11 om kvelden på kvardagar, med noko kortare opningstider i helgane.

– Me er spente på korleis austevollingane vil ta i mot fiskedisken. Om me ikkje hadde hatt han med, trur eg nok at dei ville vorte skuffa, smiler Eriksen. Det er delen med fersk- og frysevarer han trekkjer fram som hjarta i butikken, som vert ferdig med hjelp frå tilsette i andre krokar av fylket.

Les resten av saka på PDF.