nov 102016
 
Dag Nordstrand treng ikkje gaffeltruck, kan løftar likegodt sjølv. Her med den nye franchisetakaren Tom André Harestad i eit trygt grep.

Dag Nordstrand treng ikkje gaffeltruck, kan løftar likegodt sjølv. Her med den nye franchisetakaren Tom André Harestad i eit trygt grep.

Kjøpsmannskjempa Dag Nordstrand (56) trekkjer seg attende frå butikken han har styrt i ei årrekkje, og siddisen Tom André Harestad (31) tek over.

 

Dag Nordstrand er andregenerasjons kjøpmann, men kjende tida var mogen for å trappa ned etter fleire tiår i gamet.

– Eg kjende at motivasjonen ikkje var 100 prosent lenger, med den skjerpa konkurransen var tida inne for å tenkja på familie og hobbyar eg har lagt til tide fordi eg har måtta konsentrera meg om butikken, seier Dag smilande til Marsteinen. Med tida har det vorte stadig strengare krav til den som driv butikk. Ikkje berre skal det gå fort, men ein skal ha fokus på minst mogleg svinn og å effektivisera drifta.

– I dag må me klara oss med færre tilsette for kvar omsette krone, seier Dag som likevel ikkje berre planlegg å dra på motorsykkeltur med flugestanga i pakksekken. Tvert om vil han halda fram med å ha ei rolle i butikken fram til mai. Deretter har han kalenderen meir open.

Les meir om denne saka i dagens avis på PDF.