nov 102016
 
Siv frå Møkster syr barneklede og kjem på messa i Austevollhallen om nokre dagar.

Siv frå Møkster syr barneklede og kjem på messa i Austevollhallen om nokre dagar.

 

Siv Ingvaldsen (36) er fødd og oppvaksen på Møkster. Etter fleire år i morspermisjon har ho arbeidd intenst med stoff, symaskiner, nål og tråd.

 

Siv Ingvaldsen elskar å sy, og har selt heimelaga klede for fleire tusen. Som heimeverande i mammapermisjon over ein lengre periode, fekk ho tid til å ta fatt på symaskinen. Sidan har ho selt mange flotte barneklede under merkenamnet Mammo.

På messer er staden ho får selt mest, og no er ho klar for julemessa i Austevoll til helga.

Les intervju med den driftige dama frå Møkster i avisa denne veka.