nov 102016
 

signering-sterner

For heile 10 millionar skal Austevoll rørteknikk utstyra kar og prossessanlegg hos Marine Harvest sitt reinsefiskanlegg i Øygarden. Kontakten er underskriven med Sterner AS.

 

Dagleg leiar Frode Mikal Vågen hos Austevoll rørteknikk er nøgd. Selskapet han leiar har nett kome til eit nytt vasskille: Kontraktstorleiken med Sterner på om lag 10 millionar kroner er dobbelt så stor som den tidlegare bestenoteringa deira.

– Dette betyr alle mann i arbeid. Me er allereie godt i gang, og heile anlegget skal stå klart allereie i april neste år, seier dagleg leiar Vågen i rørteknikken til Marsteinen.