nov 172016
 
Glad for nytt kontor, god inneluft og dei aller fleste kollegaane på eitt golv: Veteran Mons Olav Økland.

Glad for nytt kontor, god inneluft og dei aller fleste kollegaane på eitt golv: Veteran Mons Olav Økland.

 

Mons Olav Økland har arbeidd i Austevoll kommune i 34 år, og denne veka fekk han endeleg flytta inn i nye kontor på Storebøportalen.

Kommunehuset er flytta. Dei aller fleste tilsette finn du i øvsteetasjen, medan servicekontoret ligg i andre høgda, saman med kantina, som fyrst vart teken i bruk i går. Blant dei verkelege veteranane i kommuneadministrasjonen finn me Mons Olav Økland, som starta i stillinga si på økonomikontoret allereie i 1982. No glisar han over ein ny kvardag.

– Eg er strålande nøgd. Her er det nytt og pent, med skikkeleg ventilasjon. Eg vert ikkje tung i hovudet når dagen går mot slutten, seier veteranen som fortel om store teknologiske framsteg sidan den gongen dei måtte senda frå seg data for å få produsert datakort, som dei seinare fekk levert fysisk kvar tysdag og var nøydde til å gå over og sjekka.

– At dei aller fleste no er samla på eitt plan, gjer og seg til at alle dei tilsette blir meir samansveiste. På det gamle kommunehuset sat me litt for oss sjølve, med dørstokkar mellom avdelingane, smiler Mons Olav.

Resten av saka kan du lesa på papir eller PDF i dag.