nov 242016
 
Sigrunn Blindheim og Hege Lauvik meiner at julehandelen er eit viktig bidrag til å ta vare på lokale butikkar.

Sigrunn Blindheim og Hege Lauvik meiner at julehandelen er eit viktig bidrag til å ta vare på lokale butikkar.

Sjekk lokalt før du handlar på nett eller dreg kortet på fastlandet, er oppmodinga frå næringsrådet. Nokre tusenlappar ekstra brukt på øyane han vera viktige bidrag til å ta vare på tilboda.

 

Fleire satsar friskt på butikkdrift og dei fleste av dei gamle held stand. Næringsrådets leiar Hege Lauvik ynskjer likevel å minna oss om kva medviten lokal handel kan ha som føremoner.

– Kanskje er det akkurat dei siste tusenlappane som skal til for at ei verksemd klarar seg over kneika? Å handla lokalt betyr at me kan ta vare på bumiljøa våre, og medverka til at øyane held fram med å vera ein attraktiv kommune å både bu i og besøkja, seier næringsrådsleiar Lauvik til Marsteinen. Også i år vil dei gå i bresjen for ein kampanje på sosiale media, der dei inviterer øyfolket til å handla lokalt. Ti gåver før jul, og ver med i trekkinga av ein premie, lyd utfordringa.

Innehavar av Forglemmegei blomster i Storebøportalen, Sigrunn Blindheim, er snar med å skryta over lojale kundar.

– Det er mange som kjem og seier at i år skal dei ikkje over fjorden for å handla julegåver. Det vert eg nesten rørt over, seier blomehandlaren som for lengst har omskapt butikken sin i raudt og glitter. Det er berre dufta av pinnekjøt som manglar.

– Når me tenkjer vareutval: Er det noko du finn på nettet eller på fastlandet, kostar det lite å spørja ein lokal butikk om dei kan skaffa den same vara, seier duoen Blindheim og Lauvik til lokalavisa.

Resten av  saka kan du lesa på papir eller PDF  i dag.