nov 242016
 
Nye "Granit" er komen på Blåmyra. Etter planen skal han vera klar til dåp i månadsskiftet april/mai 2017.

Nye «Granit» er komen på Blåmyra. Etter planen skal han vera klar til dåp i månadsskiftet april/mai 2017. Foto: Christian Halstensen.

 

”Granit” har kome seg på Blåmyra ved Tersan-verftet i Tyrkia, og nærmar seg med det dåp og champagne ved kaien i Bekkjarvik.

Christian Halstensen er spent. Trass alt er det fyrste gongen reiarlaget byggjer ein ny fabrikktrålar, medan dei for 13-14 år sidan kunne fylgja opp bygginga av nye ”Gardar” sjølve, støttar dei seg meir på skipskonsulentane denne gongen – og eige mannskap frå den gamle ”Granit”, som har kvitfisk og fabrikktrål under huda. Prosjektleiaren er likevel frå Austevoll, teknisk sjef i reiarlaget, Nils Bjarte Djupevåg. No flyt båten på eige skrog.

Samarbeid med skipsdesignarane i Ålesund og Tersan-verftet i Istanbul har gått strålande så langt.

– Verftet er stort og verkar veldrive, og har lang røynsle med å levera fabrikktrålar – både til norske og utanlandske reiarlag, seier Halstensen til lokalavisa. Stålarbeidet på skipet framifrå meiner dei komande eigarane, men det er særleg fabrikkane om bord som er spanande for reiarlaget å fylgja med augusaugo.

Les resten av saka her.