des 012016
 
Det har gått raskt oppover for verksemda til Ståle Torsvik (til venstre), til glede òg for medabeidarane Simon Matre og Adrian Hovland.

Det har gått raskt oppover for verksemda til Ståle Torsvik (til venstre), til glede òg for medabeidarane Simon Matre og Adrian Hovland.

Med servicebåt og pågangsmot har Ståle Torsvik klatra heilt opp på femteplass på Gaselle-lista til Dagens næringsliv med verksemda Annca AS. Så mykje hardt arbeid at det nesten ikkje var til å halda ut, er suksessformelen.

 

– Utan eitt einaste oppdrag investerte eg halvannan million i ein merdvaskar, seier Annca-eigar Ståle Torsvik (44). Austevollingen eigde ein liten servicebåt som hadde gått på oppdrag i fem år for Kobbevik og Furuholmen, og fann ut at han var kommen til eit vegskille å måtte satsa.

Han fekk eitt oppdrag, så vitta det raskt på seg, endå han var utstyrt med den gamle båten, der det var trongt om plassen i styrhuset. Her måtte Ståle og mannskapet eta, styra reinseroboten og kvila seg i den lange rekkja av lange dagar.

– Enkelte dagar var eg så lei når eg skulle på jobb, at eg heldt på å gje opp, smiler Ståle. Utsegnet får medarbeidarane Adrian Hovland og Simon Matre til å humra godt. På samlinga med dei andre Gaselle-selskapa kom det fram at beinhardt arbeid over lang tid er det som skal til for og lukkast med selskapet. Utviklinga gjekk då frå 1,2 millionar, til 4,5 millionar året etter. Deretter kom 6,7 i 2014 heilt til 11,6 millionar i fjor.

Resten av saka les du på PDF eller papir i dag.