des 022016
 
Om kveita ikkje hadde vore utgytt, ville ho mest truleg ha vegd over 200 kilo, meiner Torstein Halstensen.

Om kveita ikkje hadde vore utgytt, ville ho mest truleg ha vegd over 200 kilo, meiner Torstein Halstensen.

 

Bekkjarvik torg er vorten ein attraksjon rikare: Ei avstøyping av rekordkveita til Torstein Halstensen, Inge sin nevø, er komen på veggen over to år etter at originalen slo med sporden for siste gang.

 

235 centimeter med hellefisk heng etter sporden på Bekkjarvik torg. Men utstoppa er ho ikkje, i staden er kveita for lengst delvis oppeten og resten analysert av matstyresmakter og havforskarar. I staden er det gips, armeringsjern og ei lang rekkje lag med lakk som representerer den gigantiske flatfisken.

– Me fekk ho på ei line gjennom eit slør av hyse. Ho var den einaste fisken på heile lina, så den dama visste nok akkurat kva ho dreiv med, fortel kveitejeger Torstein Halstensen til Marsteinen.

 

Radiomerking

Eigentleg var han ute for å radiomerka kveiter for havforskinga, då giganten beit på ongelen. Etter at ho ikkje passa i tankane om bord i den velvaksne sjarken, måtte storfisken avlivast.

– Ho skulle no helst framleis ha symd vidare og ført genane sine til nye generasjonar, meiner Torstein, som like før kniven skulle inn i kveitekjøtet vart oppmoda om å tenkja seg om. Kunne ho støypast av? Lagrast for ettertida? Eit par dialogar med konservator Helge Haukeland, mellomlagring i Austevoll i frysehall, innkjøp av store mengder silikon, gips og noko armeringsjern og ti mann til å løfta herlegdomen, kunne arbeidet ta til.

 

Ung dame

Torstein fortel til lokalavisa at den gigantiske fisken har vokse godt i Nordsjøen, og at ho berre var 25 år gamal då ho beit på linekroken.

– Me analyserte øyresteinane i mikroskop, og alle vart skikkeleg overraska. Mange hadde tippa på minst den dobbelte alderen, seier Halstensen, som raskt vart overtalt av onkel Inge til at kveita måtte hengja i Bekkjarvik.

– Ein tankekross at ho heng under ein båt som var blant dei fyrste som spesialiserte seg i kveitefiske, som igjen har resultert i at fiskar lik den eg fanga i Nordsjøen nesten er utrydda, avsluttar storfiskaren.

 

Av Trond Hagenes