des 022016
 
Teikning av statsråd Listhaug: May Linn Clement.

Teikning av statsråd Listhaug: May Linn Clement.

Eg er takksam. Hjarteleg glad, rett og slett. Sylvi og Donald i vakker samstemt song på verdsveven. Endeleg har eg fått trua på det vonde i menneska att. Ja, for det er så strålande godt når Sylvi sine medierådgjevarar syter for ein tommel opp ­– når ein sender signal om verdas strengaste asylpolitikk i ei av verdas største aviser ved at ein sjuåring er returnert til landet han var fødd, men som han ikkje hugsar. Og Donald-guten som snakkar om immigrantar, ja om dei andre, muslimar til dømes, som det sømer seg. Ja, kanskje ein mur eller interneringsleirar etter modell frå USAs handsaming av etniske japanarar under verdskrigen. Det er jo heilt på sin plass når ein skal laga USA storslagent att. Snakkar om å slengja grisen på bordet.

Eg elskar Sylvi sin offermentalitet. Og så er ho så flink, statsråd som ho er, fyrst til å få oss meir eller mindre kollektivt til å innsjå at flykningane, dei er slett ikkje offer, nei dei er berre på jakt etter å suga frå statskassen, ja som blodigler. Søv godt om natta gjer ho òg, etter å sendt hundrevis av familiar attende til stadar der bombene eksploderer og husly ikkje finst. Ja, for det er trygt må vita. Det er synd på oss som må ta i mot så mange. Millionane renn ut. Me må stogga. Byggja murar – eller i alle høve gjerde – i Finnmark. Nei, her er det ikkje greitt å vera.

Så har me definert farane. Ord som berre Vigrid har våga å ha på stemmebanda kan me snart endeleg ta dei i bruk att. For dei andre, dei som slit med posttraumatisk stressyndrom, har mista heimen, familien, vennane … Ja, for mobiltelefon skal dei ha. Integrering, nei, veit du kva? Ikkje, menneske. Nei, blodiglar. Iglar. Skattepengane våre.

Og Kristoffer Joner. At han vågar, skodespelaren. Tenkja seg til. Leggja ut noko slikt på Facebook, laga gratis av eit reklamebyrå. Klart at kjære Sylvi vert rasande, kritikarar er eit kor at sytepavar. Eit hylekor. Sjølv har ho berre fire politikarar å hjelpa seg med i departementet, som statssekretærar og politiske rådgjevarar, og ei heil avdeling med presse- og informasjonsarbeidarar under same tak. Pluss sikkert på eit par (dusin?) folk frå partiapparatet. Klart at det er juks om ein skodespelar og organisasjonen han støttar lagar ein vri. Ein kjenner seg snytt, så snottet driv frå nasegrevet.

Det som er det beste med retorikken til Sylvi, dette med å forankra seg i ei sanning om at dei må ut, at me ikkje vil ha dei, er at det skapar vanskar for dei som har rettmessig rett til å vera her. Dei som faktisk flykta frå Assad-bomber, sjølvmoderiske jihadistar, politisk vald og tortur. Ved å etablera ein oss- og dei-haldning til meir eller mindre alle andre enn etnisk norske (eller til nauds vesteuropeiske), skapar me grobotn til eit ikkje-inkluderande samfunn. Eg hugsar sameininga etter 22. juli, rosetoga, den kollektive solidariteten med offera, den kalde skuldra til terroristen. Eg hugsar bilete av den døde guten på stranda, og eg tenkjer med Emanuel Kant, eller var det Jesus, ver mot andre, slik du vil at andre skal vera mot deg.

Då er det godt å vita at me sender ut signal i New York Times, om at her hos oss, her er det jammen ikkje hjarterom. Og debatten? Han klarar vel ikkje å skilja snotten frå barten.

Av Trond Hagenes