des 082016
 
DET NYTTAR: – Alle dei tre aktivistane på t-skjortene bak meg var fengsla, men er no sette fri etter at Helsingforskomiteen og andre organisasjonar tok til å arbeida med sakene deira, fortel Lene Wetteland.    Foto: Margunn Sundfjord/NPK.

DET NYTTAR: – Alle dei tre aktivistane på t-skjortene bak meg var fengsla, men er no sette fri etter at Helsingforskomiteen og andre organisasjonar tok til å arbeida med sakene deira, fortel Lene Wetteland.
Foto: Margunn Sundfjord/NPK.

Å retta blikket utover og hjelpa andre var noko Lene Wetteland fekk inn så og seia med morsmjølka. I dag kjempar ho for russiske aktivistar som talar Putin midt imot.

 

Som leiar for Russland-seksjonen i Den Norske Helsingforskomite har 36-åringen frå Austevoll tett kontakt med russiske aktivistar, journalistar og andre som prøver å forandra det russiske samfunnet.

Menneskerettsforkjemparar i Armenia, Tadsjikistan, Kirgisistan og andre tidlegare sovjetstatar nyt også godt av kunnskapen og engasjementet hennar.

Me møter henne på kontoret midt i Oslo sentrum i det som blir kalla Menneskerettshuset. Her deler Helsingforskomiteen kontor med ei rekkje andre menneskerettsorganisasjonar.

 Resten av intervjuet finn du i avisa i dag.