des 082016
 
Med forankring i Austevoll er Fluctus vorte eit kjent alternativ for fôrsystem i næringa. Foto: Fluctus AS.

Med forankring i Austevoll er Fluctus vorte eit kjent alternativ for fôrsystem i næringa. Foto: Fluctus AS.

Fluctus AS vart etablert for eitt år sidan. Selskapet lagar primært utstyr til havbruksnæringa, som fôringsanlegg og flåtar, men driv òg service. No byrjar selskapet med kring ti tilsette å verta godt kjent i marknaden.

 

Då Ocea vart kjøpt opp og slegen saman med Steinsvik i 2015, tok ein gjeng frå tidlegare Ocea og starta opp ei bedrift saman. Dei såg moglegheita i marknaden og greip sjansen sin.

–  Det var etterspurnad etter at Arena, vart Ocea og deretter Steinsvik. Det var på tide med litt konkurranse i næringa, fortel prosjektansvarleg Runar Hatlevik frå Fluctus til Marsteinen.  I staben har dei eit team med lange erfaringar og mykje kunna, i fylgje Hatlevik. Fleire har arbeidd innanfor kompetanseområda sidan slutten av 90- talet, dette har vore til stor fordel for Fluctus AS etter at dei tok opp konkurransen.

Les resten av saka i PDF.