mar 242011
 

Etter tysdagens kommunestyrevedtak om å be om dialog med Telenor om flyttinga av Telemasta på Storebø, fastslår Telenor at dei vil vurdera eit slikt tiltak.

Informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor konstaterer at dei gjerne går i dialog med Austevoll kommune.

– Me vil sjølvsagt diskutera alternativ plassering og sjå etter gode lokalitetar. Me må òg snakka om kven som skal ta kostnadane ved ei slik flytting, seier Meling. Han legg til at masta på Storebø si elektromagnetiske stråling er langt lågare enn grensa til Statens strålevern. Saka har òg ei anna side.

– Viss masta vert flytta lenger bort, vil strålinga frå sjølve mobiltelefonane verta sterkare, fastslår Per Aril Meling.