des 152016
 
Pinnekjøtet har gått unna for Marius Løbø Fimland og Vill Vest.

Pinnekjøtet har gått unna for Marius Løbø Fimland og Vill Vest.

På ein knapp dag vart den fyrste ladinga av lokalt pinnekjøt rive bort frå Vill Vest på Mølno. Dagleg leiar Marius Løbø Fimland gler seg over interessa, og har straks fenalåra klare.

 

Det tok ikkje den matinteresserte sunnfjordingen lag tid på øyane før han merka seg kor vanskeleg det var å få tak i ekte villsaukjøt i Austevoll. Og at det særeigna kjøtet samstundes gjekk i den store kjøtkverna, så og seia, utan ekstra pris til bonden. Den austevollske villsauen er dessutan ofte ein vever type, samanlikna med dei ordinære norske smalane. Marius Løbø Fimland meiner at noko måtte gjerast, for å ta vare på både mattradisjon og kulturlandskapet.

Les intervju i avisa i dag.