des 202016
 
Ei av desse ferjene kjem til å trafikkera Husavik–Sandvikvåg frå midten av 2018. Illustrasjon: Multi Maritime.

Ei av desse ferjene kjem til å trafikkera Husavik–Sandvikvåg frå midten av 2018. Illustrasjon: Multi Maritime.

Frå våren 2018 vert det flunkande ny ferje for dei reisande mellom Austevoll og Stord-øya. Reiarlaget Fjord1 har tysdag inngått avtale om bygging av tre nye ferjer, der ei skal trafikkera sørsambandet til Austevoll.

 

Det er Havyard Ship Technology som skal byggja dei tre ferjene til Fjord 1. Designen på ferjene er det Multi Maritime i Førde som står får. I pressemeldinga frå reiarlag, verft og skipsdesignarar heiter det at Fjord 1 er med å på setja standarden for det grøne skiftet i ferjenæringa, der to av dei nye ferjene skal trafikkera Brekstad– Valset frå 2019, medan vårt eige samband er noko dei tek over om eitt år og nokre dagar.

– Fram til den nye ferja er klar, vil me trafikkera Husavik–Sandvikvåg med erstattingsmateriell, seier konstituert direktør André Høyset i Fjord1 til Marsteinen, og legg til at dei reisande mellom anna vil kunna nya utsikta frå ein salong med 360 graders panoramautsikt.

 

Omstilling

I pressemeldinga poengterer Høyset vidare at reiarlaget gler seg over at aktørar i Sogn og Fjordane er verdsleiande på teknologi knytt til det grøne skiftet.

For verftet, som tidlegare var kjent for store offshorefartøy er nyhenda òg særs gledeleg, og direktør Lars Conradi Andersen konstaterer òg at dei håpar å sleppa fleire gode meldingar i tida som kjem.

– Kontraktane sikrar god sysselsetting i 2018, og arbeidsstokken vår har vist stor evne for omstilling, seier Conradi Andersen.

Medan dei to ferjene som skal inn på sambandet i Trøndelag er reine el-ferjer, vil ikkje reiarlaget gå ut med kva teknologi som skal inn i framdriftsmaskineriet på ferja vår.

– Så lenge me enno er i forhandlingar om andre rutepakkar i Hordaland, er dette noko me vel å ikkje gå ut med, seier teknisk direktør i Fjord1, Arild Austrheim.

Den utvendige designen vert likevel identisk, med eit fartøy på 66,40 meter i lenga, ei breidde på 14,20 meter. Ferjene vil kunna ta unna 50 personbileiningar, ses vogntogeiningar. For dei reisande fert det panoramautsikt frå salongen, som vil få 178 sitteplassar og 20 seter tilrettelagde for rullestolbrukarar. Det vert òg leikerom for dei minste.

 

Av Trond Hagenes