des 222016
 
Orlogskaptein Rune Stenevik var skipssjef på KV ”Bergen” då dei under særs krevjande vêrtilhøve berga lasteskipet MS ”Tove”. Foto: Lars Røraas, Forsvaret

Orlogskaptein Rune Stenevik var skipssjef på KV ”Bergen” då dei under særs krevjande vêrtilhøve berga lasteskipet MS ”Tove”. Foto: Lars Røraas, Forsvaret

Orlogskaptein Rune Stenevik i Kystvakta vart saman med mannskapet om bord i KV ”Bergen” redningsheltar då lasteskipet MS ”Tove” vart redda under særs krevjande forhold. Det er skipssjefen og skip heidra for.

 

Austevollingen Rune Stenevik måtte nytta all kløkt og kompetanse om bord då dei i ellevemeter høge bylgjer skulle få ein slepar over til lasteskipet ”Tove”, som vart i drift med fire knops fart midt i Nordsjøen i januar 2014, med kurs mot oljeinstallasjonar lenger nordvest i havområdet.

– Me hadde vurdert korleis me skulle gripa det an, og gjennomførte både ei risikoanalyse og eit lite krigsråd då me kom fram til skipet, seier Stenevik til Marsteinen. Orlogskapteinen frå Selbjørn fortel om ekstreme forhold på vegen ut til havaristen, med opptil 16-meterhøge bylgjer. Mannskapet var likevel utkvilte då KV ”Bergen” nådde fram.

– Enno hadde me tid på oss til å få over ein slepar, og sidan vêret ikkje såg ut til å verta betre dei to neste dagane, bestemte me oss for å gå til aksjon, sidan me ikkje fekk opp nokre raude punkt «i sikker jobb analysen»  me gjennomførte på førehand.

Resten av saka les du på papir eller PDF i dag.