des 222016
 
Torstein Halstensen er ein ekte veidemann, men det er kveita som fascinerer aller mest. Teikning: may Linn Clement.

Torstein Halstensen er ein ekte veidemann, men det er kveita som fascinerer aller mest. Teikning: May Linn Clement.

Store augo. Ungguten er på sommarjobb om bord i ”Slåtterøy”. Dei vêrbitne fiskarane fortel om hellefisken. Mytisk, halvguden. Elden er tend i magen til Torsten Halstensen.

 

30 år seinare. Torstein Halstensen har funne ein slags ro. På veggane i sjøhuset hans ved Nordåsvatnet heng foto av kveitefangstar, og fleire rekkjer med hjortekranium med gevir i ulike storleikar er monterte på veggen.

Mange år attende og med genar frå Austevoll, var dei innaskjers i Stolmasundet den dagen dei fyste gongen fekk kontakt med storkveita.

– Når du ser at lina skjerer sidelengs i sjøen og du har om lag 40-50 meter igjen før fisken er ved overflata, veit du at det er ei storkveite eller svær skate du har på kroken, seier Torstein. Ved berget ved Valhamar, kom den fyrste verkeleg store opp etter mange års fiske etter henne.

Les resten av historien her.