des 232016
 
Isabell Njåstad, Camilla Knudsen Pamer og Carolina Tveit Flotve har gjort innsats for dei som treng litt ekstra oppmuntring i jula.

Isabell Njåstad, Camilla Knudsen Pamer og Carolina Tveit Flotve har gjort innsats for dei som treng litt ekstra oppmuntring i jula.

 

Julegåvetrioen Camilla Pamer, Isabel Njåstad og Carolina Flotve reddar jula for mange lokale bebuarar som har ekstra lite å rutte med no i juletida.

 

I fjor starta Maria Vassnes eit prosjekt der ho samla inn gåver frå lokale personar  i kommunen som ynskte å bidra til at andre fekk ei betre juleoppleving. Då det var umogleg for Maria å halda fram med den gode gjerninga i år, sendte ho stafettpinnen vidare.

– Eg la ut eit innlegg på kjøp, sal og bytte sida på facebook der eg etterlyste denne tenesta i år òg. D fann me fann ut at ho ikkje kunne driva det i år, var me raskt ute med å melda oss, seier Camilla Knudsen Pamer. Dei handlekraftige damene tok fort fatt i telefonen og starta ringerunden. Vassnes gav frå seg kontaktbasen frå fjoråret og dermed vart det byrjinga på innsamlinga som skal bidra til at dei som har ekstra mykje, gjev til dei som har mindre.

Sjokkerande behov

Trioen har kontakta både etatane i kommunen, ulike reiarlag og andre ressurssterke folk i kommunen.

–  Me har vore  i kontakt med naboar, frivilligheitskoordinatoren og andre som har gjort det mogleg for oss å koma i kontakt med dei som treng hjelpa, fortel Isabel Njåstad.  No kan heile 17 barnefamiliar og ni einslege venta seg ei betre jul, takka vera innsamlinga.
– Det er eit stort behov for det i kommunen, ein skulle ikkje tru det sidan Austevoll ofte vert assosiert med rikdom, men slik er det faktisk, konstaterer Camilla. Dei meiner at ein må tørra og blande seg litt – og at austevollingane må opna augo og sjå dersom nokon treng hjelp.

– I Austevoll er det kanskje ekstra stigmatiserande å spørja om hjelp for dei som treng det, ein skil seg fort ut. Dessutan bør foreldre bidra til å redusera julegåvepresset. Barna snakkar saman og samanliknar og dersom alle barna utanom ein i klassen får dyre telefonar til jul, vert skilnaden for stor, diskuterer dei i lag.  Det er ikkje berre for dei engasjerte heltane at sjokket har vorte større enn forventa, også i ringerunden til næringa var spørsmålet ofte; Fattige i kommunen?

– Det er så absolutt naudsynt med ei slik ordning, folk trur det ikkje, men slik er det, forklarar gjengen medan dei oppmodar folk til å ikkje vera så redde for å trakka folk på tærne, men heller gripa inn og hjelpa.

 

Gåver i overflod

Gjevargleda til folk, har det i alle høve ikkje stått på.  Dei har motteke fleire gåver frå privatpersoner, samt matgåvekort til ein samla verdi på om lag 25 000 kroner. I vekene før jul har dei hatt innsamlingsstasjonar på blant anna Livsstilsenteret, Austevoll rør og Moods of Design i Bekkjarvik. Marknadsføringa har blitt gjort gjennom plakatar på lokale plassar i kommunen, der dei som ynskte å gje gåver kunne få informasjon om dette.

– Då pakka dei inn ei ubrukt gåve og merka ho med kvinne + alder, mann + alder eller gut + alder og så vidare, fortel kvinnene. Isabel legg til at dei også har hatt eit ekstra ynskje for lite-fornuftige gåver til barn, slik som leikar og liknande som føresette som slit økonomisk ofte ikkje tek seg råd til å kjøpa sjølv. Dei er alle småbarnsforeldre og kjenner ekstra godt på korleis det må vera å ikkje ha råd til det barnet ditt ynskjer og treng.

– Alle har hatt den økonomiske vanskar ein månad, der du ikkje har råd til det du vil ha så mest, men for desse gjeld det kvar einaste dag. Dei må snu og venda på kvar einaste krone og i juletida og ved andre høgtider vert det ekstra vanskeleg, påpeiker Isabel Njåstad medan ho legg til at mange ikkje har støtte i foreldre og familie, slik dei sjølve har. Dei meiner også at det så gjerne kan henda at personane det er snakk om, har mykje i forhold til resten av verda, men at samfunnet i Noreg er bygd opp av at ein skal bruka pengar og at det difor ikkje er samanlikningsgrunnlag. Tider som kan vera ekstra økonomisk vanskelege kan vera no i jula eller rett før skulestart i august.

– Difor har eg og snakka med dei private som har kontakta oss, og foreslått for dei å ta kontakt att når sommaren igjen entrar landet, for å sjå om det er noko dei manglar. Det er nemleg ikkje berre i jula at behovet er der, fortel Camilla. Jentene får frysningar når dei snakkar om kor stort behovet eigentleg er. Dei får vondt berre ved tanken og ein merker at dette har sett spor i hjarterøtene deira.

­– Me har automatisk vorte meir engasjert i dette og me kan vel seia at me brenn for det no, understrekar Carolina Tveit Flotve. Dei vonar at austevollingane reflekterer litt over korleis andre i kommunen har det og håpar at dei kan forsette prosjektet til neste år, med Maria med på laget.

– Sjølv om ho ikkje har vore med, har ho likevel vore med. Maria har kome med mange gode tips og vore lett tilgjengeleg dersom me har trengd hjelp, smiler Camilla medan ho takkar for all støtta dei har motteke hos både bedrifter og lokale privatpersonar.

– Det bør vera ei sjølvfølge og plikt at me som har i overflod, skal gje til dei som ikkje har så mykje, avsluttar trioen.

 

Av Severin Tøkje