jan 022017
 
Dunkebytar og medarbeidar Bjarte Notnæs og sjefen sjølv, Kjell Frode Hole, ynskjer folk velkommen til gjenvinningsstasjonen i Porsdalen om måndagen òg – ikkje berre torsdagen.

Dunkebytar og medarbeidar Bjarte Notnæs og sjefen sjølv, Kjell Frode Hole, ynskjer folk velkommen til gjenvinningsstasjonen i Porsdalen om måndagen òg – ikkje berre torsdagen.

Har det hopa seg opp med søppel i jula? Fortvil ikkje. På SIM-stasjonen i Porsdalen har dei ope til klokka 18 i kveld.

Det er ikkje så mange som har vore innom Kjell Frode Hole og Bjarte Notnæs ved gjenvinningsstasjonen på føremiddagen i dag.
– Dei nye opningstidene står på tømekalenderen, men denne kjem ikkje til folk i posten lenger. Ein må henta han sjølv, anten på kommunehuset, på internett eller her hos oss, seier Notnæs på den fyrste arbeidsdagen i 2017. Frå og med i dag av vil stasjonen vera open kvar måndag, i tillegg til torsdagen og siste laurdag i månaden.
– Folk har etterspurd ei utvida opningstid, så me håpar dei vil ta i bruk måndagen òg, seier den oransjekledde duoen.
Opningsdagen vert markert med kaffi, godt nytt år-helsingar og eit splitter nytt skilt ved innkøyrsla til gjenvinningsanlegget, som mellom anna ber dei utvida opningstidene. Måndag 10-18, står det.
– Og så dykjer me og ler, legg Bjarte til. Dei kjem godt overeins, SIM-karane som har trakka saman i ei årrekkje no. Bittert fiendskap har det ikkje vorte, men som sjefen Kjell Frode seier: Så har me berre vore saman éin dag i veka. Fram til no, då.

May Linn Clement