jan 052017
 
Etter eit halvt århundre i helsetenestene har Else Haukanes takka av og blitt pensjonist. Foto: Severin Tøkje.

Etter eit halvt århundre i helsetenestene har Else Haukanes takka av og blitt pensjonist. Foto: Severin Tøkje.

Etter 50 år i helsetenestene på øyane takkar energiske Else Anette Haukanes (67) for seg. Ho vender nasen mot eit travelt pensjonistliv.

 

Ut av subaruen stig ei smilande, men bestemt dame. Iført ytterbukse, allvêrjakke, gode sko og eit panneband er ho klar for å ta fatt på dagens beinstrekk.
Else Anette Haukanes opnar bakluka og slepp ut hunden Bamse som ho passar for augneblinken.

– Eg elskar naturen, fortel Else i det ho byrjar å vandra mot grillhytta på Grønland i Vinnesvatnet. For kvart steg ho tek, kjenner ein nærast at ho legg yrkeslivet bak seg. Og det er ikkje måte på kva den nybakte pensjonisten har vore innom: Hushjelp, stuepike, ferjekaféen, heimesjukepleie , sekretær på legekontoret, høgre hand hos fysiotereapien,  PO-senteret og bussjåfør er noko av arbeida ho har vore innom.

– Å verta bussjåfør handla vel eigentleg mest om å visa mannfolket at me damer også kunne føra slike store køyretøy, humrar ho. Det tek ikkje lange tida, før ein skjøner at Else Anette har vakst opp i ei heilt anna tid. Ho har mykje livserfaring og har mykje spanande å sjå attende på.

Les resten av portrettet i avisa i dag.