jan 052017
 

 

EcoSubsea vert trekt fram av NHO-leiar Kristin Skogen Lund i dag. Foto: Natalie Elholm.

EcoSubsea vert trekt fram av NHO-leiar Kristin Skogen Lund i dag. Foto: Natalie Elholm.

NHO-sjef Kristin Skogen Lund peikar på ECO Subsea i Bekkjarvik som eit døme på norske verksemder som visar ein «fandenivoldsk» innstilling i det grønne skiftet.

NHOs administrerande direktør velde ordet «fandenivoldsk» som oppsummering av NHOs årskonferanse 2017. Å lukkast med å skapa ei grøn framtid krev same målmedvitne innstilling som har preget norsk næringsliv i generasjonar, skriv dei i ei pressemelding.

Kristin Skogen Lund understreka i tala si på årskonferansen at å skapa verdiar, arbeidsplassar og produkt for framtida vil kreva mykje av oss. Ho meiner me må gje dei som skal skapa løysingane større merksemd og trekte dirfor fram fem bedrifter og leiarane som visar veg.
Hausten 2016 møtte Skogen Lund brørne Tor og Klaus Østervold fra bedriften ECO Subsea i Bekkjarvik. Ho fortalte om entusiasmen deira og framtidstru dei har på miljøvennlig vask av skip som teneste. Eco Subsea kuttar luftforureining, spreiing av framande artar, drivstofforbruk og klimagassutslipp og vert i aukande grad etterspurde til norske og utanlandske skip.