jan 062017
 
Brit held på ei større utgåve av Ty, salssuksessen det siste året.

Berit held på ei større utgåve av Ty, salssuksessen det siste året.

Nei, Berit Dalseide har aldri budd i butikken sin, sjølv om det for fleire barn har verka slik. Etter 30 år, har ho gjeve førarvogna vidare til Rita Drønen.

– Slik ser han ut, bestseljaren.
Berit finn fram eit eksemplar av bamsen Ty, kjenneteikna med store, runde augo. I løpet av dei heilt siste åra har ho selt enorme mengder av bamsen, som kjem i fire ulike storleikar og alle slags moglege fargar og fasongar.
– Alle bamsane har eige namn og fødselsdato. Dei er eit slags samleobjekt som sel til både barn, ungdom og jamvel vaksne, fortel ho. Ei Ty-ugle over peishylla på hytta er ikkje feil!

Meir om Berit og leiketøysbutikken ho opna i 1987, får du lesa i Marsteinen neste veke.