jan 062017
 
Det er umogleg å finna ut kor mykje krefter, fritid og anna tid du har brukt på ueigennyttig og samfunnsviktig innsats gjennom alle desse åra, sa ordførar Morten Storebø (H) til kulturprisvinnar Eva Waage.

Det er umogleg å finna ut kor mykje krefter, fritid og anna tid du har brukt på ueigennyttig og samfunnsviktig innsats gjennom alle desse åra, sa ordførar Morten Storebø (H) til kulturprisvinnar Eva Waage.

Etter nærare 60 år innan frivillig arbeid i Raudekrossen, derav dei ti siste som primus motor for Bygdakinoen, fekk Eva Waage (73) i dag Austevoll kommune sine årlege kulturpris.

Det var ei intetanande Eva Waage som vart henta inn frå gangen og til kultursalen på Storebø like før kinoframsyninga av Hakkebakkeskogen i ettermiddag. Der venta, i tillegg til alle kinogjengarane, ein fullt smykka ordførar Morten Storebø (H) henne.
– Grunnen til at me i det heile kan ha ein bygdakino i Austevoll, er fordi det er eldsjeler som bruker tid og krefter på å få det til, sa han, med eit stikk til Eva. Ho var 15 år då ho i 1958 vart med i Raudekrossen, og har sidan vore engasjert i organisasjonen.
Både barn og barnebarn har halde utdelinga skjult for Eva. Fleire av dei møtte opp under utdelinga. Dottera Ann Elen Waage Drivenes minnast med glede åra mora arrangerte kurs i kommunen under AOF-fana (Arbeidaranes opplysningsforbund).
– Det var mellom anna kurs i japansk prydsaum, lefsebaking og spanskkurs, og det kom alltid mykje folk!
Jamvel då sonen Håkon Ole vart sett inn som gitarlærar på gitarkurset, melde folk seg på.
Eva sjølv tok prisutdelinga med eit stort smil.
– Eg hadde ikkje peiling på dette, det kom overraskande på. Det er særs kjekt at nokon set pris på det friviljuge arbeidet mitt, seier ho til Marsteinen.
– Eg vil òg få seia at barna og barnebarna mine har hjelpt meg mykje med Bygdakinoen. I tillegg er det gledeleg at flyktningane frå Syria engasjerer seg i kinoen. Det har vore ei letta, for det er mykje tunge lyft som må gjerast i samband med filmframsyningane.

Eit samla formannskap stod bak vedtaket om å gje Eva Waage kulturprisen, som består av 10 000 kroner og ein inngravert vase.

May Linn Clement.