jan 102017
 
Handkolorert teikning av nye "H. Østervold" som blir kontrahert i desse dagar. Gamlebåten er seld til Magnarson.

Handkolorert teikning av nye «H. Østervold» som blir kontrahert i desse dagar. Gamlebåten er seld til Magnarson.

Reiarlaget H. Østervold sel fiskebåten sin til naboane i Magnarson AS, og kontraherer nybygg over same lesta som nybygget ”Malene S.”, som etterkvart vart seld til Island.

 

Etter 13 år skiftar ”H. Østervold” eigar i dag. Det er Magnarson AS som kjøper båten, medan H. Østervold er i ferd med å kontrahera nybygg. Utan at det gjev grunn til for mykje sentimentale tonar frå styemedlem og skipper om bord i ”Hådn”, Knut Inge Østervold.

– Stål er stål, og det er tid for å fornya seg. Med i avtala med Magnarson har me fått leige av gamlebåten inntil nybygget vårt er leveringsklart, seier Østervold og peikar på at nybyggingsordninga såleis er gunstig, og at dei sikrar mannskapet sitt arbeid i perioden inntl den nye fiskebåten er klar. Sjølve designen er lik den tyrkiskbygde ”Malene S.” hadde, og saman med skipet Magnarson fekk bygd i landet ved Bousperous. Begge skipa vart selde til islandske reiarlag, og Knut Inge fortel om særs gode røynsler med skipa på Sagaøya.

– Me er nøgde med prisen me får frå gamlebåten, og avtala med attendeleige av fartøyet. Enno har me ikkje underteikna avtala med verftet, som ligg i utlandet, avsluttar Knut Inge overfor Marsteinen.

 

Av Trond Hagenes