jan 122017
 
Idretten er den store vinnaren på grasrotandelen i Austevoll, saman med velforeiningane. Arkivfoto.

Idretten er den store vinnaren på grasrotandelen i Austevoll, saman med velforeiningane. Arkivfoto.

 

Lag og organisasjonar i Austevoll mottok over 800 000 frå Norsk Tipping sin Grasrotandel i 2016. Vinnarane er dei store idrettslaga og velforeiningane.

 

Austevoll idrettsklubb har åleine 262 000 kroner frå Grasrotandelen til tippeselskapet. 360 spelarar var vald å setja AIK som mottakar av fem prosent av den totale speleinnsatsen sin på einskilde av pengespela til tippeselskapet på Hamar.

Leiar i idrettsklubben, Kjetil Kolbeinsvik, er glad for den massive støtta frå gjevarane.

– Me har frå dag éin sett av grasrotmidlane til større prosjekt, slik at dei ikkje skal forsvinna inn i drifta som småsummar. Når me no har store kostnadar i samband med rehabiliteringa av idrettsanlegget, går desse oppsamla midlane inn som ein del av bidraget vårt. Me har registrert 1 131 630 kroner i inntekter sidan innføringa, seier Kolbeinsvik. Han legg vidare til at midlane indirekte er med på å hjelpa klubben til å ha 1,4 stillingar i administrasjon for å levera kvalitet til medlemmane i klubben.

Også Selbjørn idrettslag mottek ein stor slump pengar frå lokale støttespelarar i tippedisken kvar år. Styremleiar Jørgen Hagen poengterer at inntektene, som utgjorde 92 883 kroner i fjor er viktige, og på mange måtar er med på å kompensera for inntekter mange klubbar tidlegare hadde, men som no har falt bort.

– Det er slik støtte som gjer det mogleg å halda medlemskontingentane låge, seier Hagen til lokalavisa. SIL hadde 195 spelar tilknytt aktiviteten sin.

Totalt hadde klubbane som er organiserte under idrettsforbundet 703 gjevarar i Austevoll, og inntektene til klubbane utgjorde dryge halvparten av den dei lokale grasrotmidlane – 403 817 kroner.

 

Velforeiningar i toppen

Utanom breiddeklubbane i idretten, er òg velforeiningane sterkt representerte i toppen av lista. Aller øvst tronar Stolmen vel, som har ei inntekt på nærare 75 000 kroner frå ordninga. Lars Heine Njåstad forklarar at støtta frå bygdefolket er uvurderleg.

– Fyrst og fremst går pengane til drifta av Gamleskulen. Det er ein stor bygningsmasse å ta vare på, med mellom anna basseng, gymsal og to kjøken. I tillegg arbeider me med trivelstiltak, slik som turvegen til Globen, seier Njåstad. Han legg til at dersom økonomien er særs god det, vil dei vurdera fleire tiltak langs turvegen eller å forlenga han.

– Me er utruleg takksame og audmjuke for at me får ei så sterk støtte frå folk, avsluttar Njåstad.

Blant grasrotmottakarane finn me òg kulturelle tiltak som Havfest som har inntekter på over 18 000 kroner frå 60 gjevarar, Austevoll turlag som har 1 329 i inntekter frå 9 gjevarar og bridgeklubben som har pene 7 366 frå tolv spelarar.

 

 

Oversikten (talet på spelarar i andre kolonna frå høgre):

Rekreasjon og sosiale foreninger STOLMEN VEL 174  kr 73 720
Lokalsamfunnsutvikling DRØNA OG ROSTØY BYGDELAG 1  kr 1 024
Idrett AUSTEVOLL SEILFORENING 3  kr 286
Rekreasjon og sosiale foreninger MØKSTER AKTIVITETSKLUBB
Idrett HAVSTRIL PADLEKLUBB 16  kr 4 942
Tros- og livssynsorganisasjoner SELBJØRN INDREMISJONSFOREINING
Kultur og kunst AUSTEVOLL HISTORIELAG
Lokalsamfunnsutvikling SELVÅGEN BYGGEFELT 5  kr 2 282
Krisehjelp og støttearbeid MØKSTER SAMFUNN BRANN OG REDNING  kr 63
Lokalsamfunnsutvikling PRESTANESET VELFORENING 6  kr 1 062
Rekreasjon og sosiale foreninger SPAWN AUSTEVOLL 5  kr 1 544
Rekreasjon og sosiale foreninger HUNDVÅKØY SAMFUNNSHUS VEL 42  kr 3 786
Idrett AUSTEVOLL IDRETTSKLUBB 360  kr 262 433
Interesseorganisasjoner DRØNEN ROSTØY HUSMORLAG 14  kr 4 565
Idrett KVALVÅG SEILSENTER STIFTELSE 6  kr 956
Rekreasjon og sosiale foreninger AUSTEVOLL KYST OG SOGELAG 9  kr 3 631
Idrett SELBJØRN IDRETTSLAG 195  kr 92 883
Idrett HUNDVÅKØY IDRETTSLAG 89  kr 33 869
Rekreasjon og sosiale foreninger AUSTEVOLL BRIDGEKLUBB 12  kr 8 098
Lokalsamfunnsutvikling VINNESVÅG VELFORENING 99  kr 30 077
Rekreasjon og sosiale foreninger KOLBEINSVIK VEL 55  kr 19 983
Lokalsamfunnsutvikling GRENDAHUSET ØYTUN AL 160  kr 61 241
Idrett AUSTEVOLL RIDEKLUBB 28  kr 7 366
Tros- og livssynsorganisasjoner STOREBØ BEDEHUS SALEM 14  kr 2 106
Interesseorganisasjoner MENTAL HELSE AUSTEVOLL
Rekreasjon og sosiale foreninger LIONS CLUB AUSTEVOLL 17  kr 7 056
Sosiale tjenester AUSTEVOLL RØDE KORS 54  kr 52 340
Kultur og kunst AUSTEVOLL HUSFLIDSLAG 17  kr 4 769
Lokalsamfunnsutvikling HAUKANES OG BJELLAND GRENDALAG 20  kr 23 765
Idrett AUSTEVOLL MOTORSPORTKLUBB
Lokalsamfunnsutvikling HAVLYS
Kultur og kunst KOLBEINSVIK DRØNA VINNES MUSIKKORPS 39  kr 11 335
Mangfold og inkludering NFU AUSTEVOLL LOKALLAG 28  kr 15 327
Kultur og kunst AUSTEVOLL HAVFEST 60  kr 18 709
Lokalsamfunnsutvikling SANDTORV VEL 27  kr 6 890
Bolig- og lokalmiljø SØRE BEKKJARVIK BUSTADFELT VEL 8  kr 2 539
Barne- og ungdomsorganisasjoner AUSTEVOLL SJØSPEIDERGRUPPE 2  kr 1 097
Lokalsamfunnsutvikling MØKSTER VELFORENING 50  kr 29 217
Rekreasjon og sosiale foreninger AUSTEVOLL JAKT OG FISKELAG 11  kr 6 186
Rekreasjon og sosiale foreninger AUSTEVOLL TURLAG 9  kr 1 329
Lokalsamfunnsutvikling STOREBØ VEL 10  kr 6 786
Idrett AUSTEVOLL SKATEBOARDKLUBB 6  kr 441